Hopp til innhald

ID3-317 Fordjuping fotball 1, spelar- og ferdigheitsutvikling

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

  • Spelarutvikling
  • Ferdigheitsutvikling
  • Spel- og kampdimensjonen
  • Kampanalyse

Kurset blir gjennomført i nært samarbeid med Norges Fotballforbund, NFF Sogn og Fjordane og Sogndal Fotball

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om praktiske ferdigheiter og korleis ein kan jobbe på feltet
  • har kunnskap om utvikling av ferdigheiter i fotball med vekt på born og unge
  • har kunnskap om toppspelarutvikling
  • har kunnskap om strukturell dimensjon og spel- og kampdimensjonen med fokus på forsvarsspel og angrepsspel (analyse)

Ferdigheiter

Studenten

  • kan prøve ut spelar- og kampanalyse
  • kan utvikle forsvarsspel og angrepsspel, individuelt og relasjonelt

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan gjere greie for fotballen sin rolle i samfunnet 
  • kan kvalifisere seg som NFF Grasrottrenar (C-lisens) i NFF sin trenarstige

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng idrett eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene er førelesing, gruppe- og individuelt arbeid. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen, mellom anna praktiske instruksjonsoppgåver.

Undervisninga blir gjennomført i klasserommet, på analyselaboratoriet og på fotballbana.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må alle arbeidskrava vera godkjent. Det er obligatorisk frammøte og krav om aktiv deltaking frå studenten i undervisning med obligatoriske læringsaktivitetar. Desse blir spesifisert i kursplanen.

  • Ei individuell praktiske instruksjonsoppgåve 
  • Eit skriftleg arbeidskrav knytt til analysearbeid

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Vurderingsform

Individuell, munnleg eksamen med gradert karakter (A - F). Tid: 30 minutt.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel