Hopp til innhald

ID3-321 Kosthald og ernæring

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Generell ernæringskunnskap, kosthald og ernæring for folkehelse og idrettsprestasjon.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om korleis dei energigivande næringsstoffa (karbohydrat, protein, feitt) er oppbygd, korleis dei påverkar kroppen, og kva matvarer som er gode kjelder
  • har kunnskap om vitaminer og mineralar, korleis dei påverkar kroppen, og kva som er gode kjelder
  • har kunnskap om nasjonale målsettingar og handlingsplanar
  • har kunnskap om samanhengen mellom ernæring, fysisk aktivitet, energibalanse, energiomsetning og hormona
  • har kunnskap om nasjonale og internasjonale kosthaldsanbefalingar, høyfettkosthold og ulike diettar
  • har kunnskap om samanheng mellom ulike typar kosthald og helse/livsstilsjukdommar
  • har kunnskap om kosthaldsråd til ulike grupper og idrettsgreiner
  • har kjennskap til livsstilsendring i samband med ernæring
  • har kunnskap og innsikt i kva rolle ernæring og væskeinntak har for yteevne under trening og konkurransar
  • har kunnskap om og kan finne kjelder for evidensbasert kunnskap om ernæring for folkehelse og idrettsprestasjon

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere næringsinnhold i kosten sammenlignet med anbefalinger og næringsbehov
  • kan forklare personar om samanhengen mellom ernæring, fysisk aktivitet, energibalanse, og folkehelse
  • kan forklare idrettsutøvarar om samanhengen mellom ernæring og idrettsprestasjon

Generell kompetanse

Studenten

  • kjenner dei nasjonale og internasjonale målsettingane, handlingsplanar og kosthaldsråda til ulike grupper og idrettsgreiner
  • kan finne kjelder for og vurdere evidensbasert kunnskap om ernæring for folkehelse/livsstilssykdommer og prestasjon
  • kan forklare grunnleggande samanheng mellom ernæring, fysisk aktivitet, energibalanse, energiomsetning og hormona
  • har kompetanse om livsstilsendring i samband med ernæring
  • kan vurdere ulike kosthald for folkehelse og idrettsprestasjon
  • kan vurdere helseeffektar i høve dei mest vanlege matvarene i norsk kosthald
  • kan forklare kva rolle ernæring, kosthald og væskeinntak har for yteevne og prestasjon

Krav til forkunnskapar

Fullført 60 studiepoeng idrett eller anna relevant utdanning.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformer i emnet er ei blanding av førelesingar og studentaktive læringsformer. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. 

Obligatorisk læringsaktivitet

For å ha rett til å ta eksamen må 75% av alle arbeidskrava vera godkjent. 

  • Tal skriftlege arbeidskrav er mellom 10 og 14

Vurderingsform

Heimeeksamen. Tid: 3 dagar. Gradert karakter (A-F). Eksamen er av typen asynkron spiraleksamen. Studentene får oppgaver som er relatert til undervisningen og de innleverte arbeidskravene.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel