IDF101 Treningslære
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Treningslære er eit tverrfagleg emne som inkluderer treningslære, anatomi og bevegelseslære. Emnet skal gje forståing av korleis ein systematisk kan jobbe for å forbetre styrke og uthald. Samtidig skal studenten få kunnskap om fysiologiske og biomekaniske forhold som er sentrale i bevegelse, idrett og fysisk aktivitet.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om faktorar som påverkar idrettsleg yteevne
- har kunnskap om sentrale prinsipp og metodar for trening og intensitetsstyring
- har kunnskap om kva ein kan gjere for å betre yteevne før, undervegs og etter trening
- har kunnskap om oppbygginga av kroppen sine musklar og skjelett
- kjenner til grunnleggande biomekaniske prinsipp
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere trening for betring av uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelsesevne
- kan beskrive bevegelse relatert til anatomi
- kan beskrive ulike treningsprinsipp og intensitetsstyring
Generell kompetanse
Studenten
- kan forklare grunnleggande omgrep og teoriar nytta i treningslære
- kan forklare særtrekka ved omgrepa uthald, styrke, spenst, hurtigheit og bevegelsesevne
- kan analysere muskelbruk under ulike aktivitetar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld både teoretiske og praktiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Individuell mappeeksamen samansett av to skriftlege tekstar som studentane får tilbakemelding på undervegs i emnet. Tekstane forventast vere revidert etter tilbakemeldingane før innlevering av vurderingsmappa.
Kvar tekst tel 50% av karakteren. Begge tekstane må vere greidd.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Ved ny eksamen skal ein levere ein omarbeida mappeeksamen som inkluderer begge tekstane.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel