Hopp til innhald

IDF102 Idrett og samfunn

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Idrett og samfunn handlar om å forstå idrett, fysisk aktivitet, trening, helse og friluftsliv som sosiale og kulturelle fenomen. Studenten skal tileigne seg denne kunnskapen med utgangspunkt i idrettshistorie, idrettssosiologi og idrettsfilosofi.

Idrettshistorie:

  • Idrett, friluftsliv og helse i historisk perspektiv frå ca. 1850 og fram til i dag

Idrettssosiologi:

  • Norsk idretts organisering, sport og media, kropp, identitet og fysisk aktivitet, helseomgrepet, friluftsliv - stabilitet eller endring?

Idrettsfilosofi:

  • Etikk, moral og fair play

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om idrett, fysisk aktivitet, trening, helse og friluftsliv som sosiale og kulturelle fenomen
  • har kunnskap om sentrale problemstillingar innan idrett, fysisk aktivitet, trening, helse og friluftsliv

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere over og drøfte idrettshistoriske, idrettssosiologiske og idrettsfilosofiske problemstillingar og gjere greie for sine val
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og knyte dette til ei problemstilling

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjere greie for sentrale trekk i historia om norsk idrett
  • kan gjere greie for sentrale idrettssosiologiske tema
  • kan gjere greie for etiske perspektiv innan idrett, fysisk aktivitet, trening, helse og friluftsliv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet er i stor grad knytt til førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Emnet inneheld teoretiske timar med fokus på studentaktive læringsformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Kafedialog som inkluderer eit skriftleg gruppearbeid med påfølgjande presentasjon

Denne læringsaktiviteten er knytt opp mot læringsutbytte kring refleksjon og drøfting av idrettshistoriske, idrettssosiologiske og idrettsfilosofiske problemstillingar. 

Vurderingsform

Individuell fem timars heimeeksamen. Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel