JU5-106 Arve- og familierett
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Familieretten tek for seg rettsforholdet mellom ektefeller, både under ekteskapet og ved oppløysing av ekteskapet, samt sentrale rettsforhold ved ugift samliv. Sentrale tema er økonomiske rettsverknader av å inngå ekteskap, deling av formuen ved separasjon og skilsmisse, og formuesforholdet mellom sambuarar og det økonomiske oppgjeret ved samlivsbrot mellom sambuarar. Rettsforhold mellom barn og foreldre er ikkje ein del av emnet.
Arveretten handlar om kva som skal skje med ein død person sine plikter og formue. Dette emnet fokuserer på reglane om arv ved dødsfall, reglar for å sitje i uskifta bu og reglar omkring oppretting, tilbakekall og bortfall av testament.
Læringsutbytte
Etter gjennomført kurs blir det forventa at studentane har følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten forstår innhaldet av grunnleggjande omgrep og kan ved bruk av vanleg juridisk metode utleie og anvende grunnleggjande reglar i arve- og familieretten, særleg om:
- formuesforholdet mellom ektefeller og sambuarar
- det økonomiske oppgjeret mellom ektefeller ved separasjon og skilsmisse og mellom sambuarar ved samlivsbrot
- rett til arv etter lova
- rett til arv etter testament, særleg dei almenne formkrav og ugyldigheitsreglar
- uskifte
Ferdigheiter:
Studenten kan:
- finne fram til, identifisere, systematisere og formulere familie- og arverettslege argument så vel skriftleg som munnleg
- føreta ei sjølvstendig analyse av ulike familie- og arverettslege problemstillingar på ein grundig, heilskapleg, kritisk og balansert måte, herunder drøfte, argumentere og ta sjølvstendig stilling
- drøfte enkelte familie- og arverettslege spørsmål i eit rettspolitisk perspektiv
- arbeide i grupper med andre som ein deltakar som bidreg aktivt til ein akademisk diskusjon av praktiske familie- og arverettslege problemstillingar, herunder kommentere og evaluere andre studentar sine juridiske analyser, og sjølv motta og gjere bruk av slike kommentarar
Generell kompetanse:
- Tileigne seg ny kunnskap av rettsleg karakter, både sjølvstendig og i gruppesamarbeid
- drøfte juridiske spørsmål som må avgjerast på bakgrunn av både lovfesta og ulovfesta rettskilder, og ha ei metodisk forståing for særlege argumentasjonsmåtar som ulike rettskilder forutset
- formidle juridiske analysar og konklusjonar, både skriftleg og munnleg
- presentere og argumentere for eigne juridiske vurderingar og konklusjonar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det tilrådd at studenten har teke Ex. fac. (juridisk forprøve).
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, seminar og øvingsoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i gruppe. Inntil 4 skriftlege oppgåver, individuelt arbeid. Ein kan verte pålagt å levere utkast til mindre skriftlege arbeid i samband med seminar.
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.
Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.
Vurderingsform
4 timar skuleeksamen
Bokstavkarakter
Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovdata, Lovsamling, Doms- og kjennelsessamling (Juridisk Studentutvalg UiO), nynorsk/bokmål ordliste, enkel kalkulator (ikkje programmerbar.)
Meir om hjelpemiddel