Hopp til innhald

KKK202 Kunst, kultur og kreativitet

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Utvikling av praktiske dugleikar, estetisk merksemd og skapande evner utgjer ein sentral del av kunnskapsområdet. Barnehagelæraren har ansvar for at alle barn i ulike aldersgrupper utvikler eit rikt uttrykksrepertoar gjennom allsidige sanseopplevingar, kroppslege erfaringar, tid til leik og eksperimentering, refleksjon og kommunikasjon. Kunnskapsområdet sitt mål er å bruke kunstfaglege arbeidsformer i ei tydeleg profesjonsrolle, som inviterer til utforskande og skapande verksemd og ser samanheng mellom estetiske læringsprosessar og leik, læring og danning hos barn.

Barnehagen utvikler sin kultur i nært samspel med ulike aktørar i kunst- og kulturfeltet i lokalmiljøet, og kunnskapsområdet tydeleggjer barnehagelæraren sitt ansvar for å gje barn tilgang til kulturelle tradisjonar og aktuelle strømningar i kunst- og kulturliv.

Kunnskapsbasen bygger på barnehagepedagogisk kunnskap, kunstfaga musikk, drama, forming og norsk, og på kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking med relevans for kunnskapsområdet.

Praksisstudiet er integrert i kunnskapsområdet. I praksisstudiet 2. studieår skal studenten arbeide med leiing av barn og medarbeidarar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • har innsikt i korleis faga i kunnskapsområdet bygger på barn sin leik, og innsikt i korleis kunst og kultur virkar inn på barn sine uttrykksformar
  • har kunnskap om barnekultur, samiske kunst- og kulturtradisjonar, kulturelt mangfald og norsk kulturarv
  • har kunnskap om leik, samspel og formidling i kunstfagleg arbeid 
  • har kunnskap om estetiske virkemiddel, arbeidsmåtar, material, instrument, verktøy og teknologi i litteratur, musikk, drama og forming 
  • har kunnskap om barn si utvikling innanfor dei estetiske fagområda, og de estetiske fagområda si betydning for barn si utvikling

Ferdigheiter 

Studenten

  • viser evne til å bruke dramatiske, visuelle, musikalske og litterære virkemiddel, og kan bruke fagspesifikke reiskapar, teknikkar og materiale i dei ulike fagområda
  • kan integrere element frå fagområda drama, norsk, kunst og handverk og musikk i fleirfagleg arbeid
  • kan stimulere barn til å utforske, leike, lære og skape gjennom analoge og digitale uttrykksformer 
  • kan bruke sin faglegheit til improvisasjon i leik og skapande prosessar 
  • kan legge til rette for barns møter med eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk frå fortid og notid 
  • kan leie estetiske læringsprosessar med og for barn og medarbeidarar, og ivareta fagleg og etisk refleksjon i dokumentasjon og vurdering   
  • kan skape inne- og uterom som inviterer barn til estetiske opplevingar, undring, utforsking, skaparglede og leik 
  • kan samtale med barn om kunst- og kulturuttrykk

Generell kompetanse 

Studenten

  • kjenner barnehagelærarens betydning som medskapar, deltakar og rollemodell i barn sine estetiske læringsprosessar 
  • kan stimulere barns musiske veremåte
  • kan bygge på utviklingsarbeid og forsking i kunst- og kulturfagleg arbeid i barnehagen 
  • ser barn som kompetente deltakarar på samfunnet si kulturarena og sikrar barn sine ytringar og demokratiske retter ved å fremje deira estetiske språkformer

Krav til forkunnskapar

Bestått praksis 1. studieår.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet blir organisert med varierte arbeidsformer som fleirfagleg og tverrfagleg arbeid, forelesingar, gruppearbeid, seminar, praktisk arbeid, verkstadarbeid og sjølvstudium. Hovudvekta i studiet vil i stor grad vere praktisk-metodisk, men vil også kreve arbeid med av relevant faglitteratur. Det blir lagt vekt på kunstfaglege arbeidsformer slik som praktisk framføring, ulike former for dokumentasjon, prosessuelt verkstadarbeid, utstilling, musisering, osv.

Studentane betaler kostnader til læremiddel (formingsmateriale) i emnet (ca 300 kr), Minst ein konsert, utstilling, film og/eller profesjonell teaterforestilling inngår i emnet (ca kr. 400). Studentane dekker sjølv utgifter til billettar. Studentar som ikkje deltek må gjere tilsvarande arbeid i samråd med faglærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må rekne med at delar av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.

Praksis

Praksis vil fokusere på studenten si leiing av barn og medarbeidarar. Studenten skal i løpet av andre studieår få gjere seg erfaringar med samarbeid med både føresette, personale og samarbeidspartnarar, leie aktivitet med barn og øve seg i å leie medarbeidarar i barnehagen. Dette inneber blant anna å utvikle eigen rettleiarkompetanse og å reflektere over rettleiinga sin plass i barnehagen. Studenten skal òg tileigne seg større forståing for barnehagen som læringsmiljø og danningsarena og barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • stå fram som ein reflektert pedagogisk leiar og fagperson
  • leie og rettleie barnehagepersonalet i aktivitetar med barnegrupper og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer
  • reflektere over barnehagen som leike-, lærings- og danningsarena

Leiardagane (minimum 5) må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet kunst, kultur og kreativitet består av praktisk og metodisk undervisning. Store deler av undervisninga i emnet er basert på aktivitet i grupper der klassen som læringsmiljø er viktig, og må difor være obligatorisk for at læringsutbytta skal oppnåast. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte og aktiv deltaking i desse læringsaktivitetane er å rekna som godkjent, og fråvær blir å rekna som ikkje godkjent. For at studenten skal kunne gå opp til eksamen må 80 % av dei obligatoriske læringsaktivitetane være godkjent.

  • Ei tverrfagleg oppåve som blir gjennomført i praksis
  • Eit arbeidskrav i norsk

Vurderingsform

Eksamen består av to deleksamenar: individuell vurderingsmappe og praktisk gruppeeksamen. Kvar deleksamen tel 50 % av karakteren i emnet.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått. Bestått deleksamen treng ikkje takast opp att.

Mappevurdering: Mappa inneheld prosessarbeid i faga drama, forming og musikk, basert på oppgåver som blir gitt i kvart fag. Retningsliner blir gitt ved semesterstart. Ein fagdel frå mappa blir trekt ut til vurdering. 1/3 av klassen blir trekt ut i kvart fag. Trekking av vurderingsmappa blir gjort etter innlevering. Ved ny eksamen skal studenten levere ei omarbeida mappe.

Praktisk gruppeeksamen: Det blir trekt eksamensgrupper som skal utvikle ei tverrfagleg framvisning over eit gitt antal dagar. Det skal skrivast gruppekontrakt ved eksamensstart. Nærare retningsliner og vurderingskriterier blir gitt ved eksamensstart. Gruppa får ein felles karakter.

Dersom ei gruppe stryk, blir ny eksamen gjennomført ved næraste eksamensavvikling. Dersom ein student ikkje får fullført eksamen med si gruppe, kan han/ho ta gruppe-eksamen med ei ny gruppe ved næraste høve. Dersom dette ikkje let seg gjere, blir ny eksamen gjennomført som praktisk eksamen aleine.

Hjelpemiddel ved eksamen

Del 1: Alle hjelpemiddel er tillate

Del 2: Alle hjelpemiddel er tillate

Meir om hjelpemiddel