KUN805 Dramapedagogikk og teaterproduksjon - vidareutdanning
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Studiet rettar seg mot pedagogar som arbeider med drama og teater som fag eller metode i skole, barnehage, kulturskole og frivillig kulturliv.
Gjennom studiet lærer du om:
- Dramatiske og performative uttrykksformer og formidling
- Teaterproduksjon med fokus på kollektive prosessar med barn og unge
- Fagdidaktiske strategiar med vekt på individuelle og kollektive utforskande, kreative og estetiske læreprosessar
Gjennom studiet får du høve til å utvikle deg i arbeid med dramatiske uttrykksformer og uttrykksmiddel. Som student får du lære om og erfare kreative og estetiske læreprosessar og korleis desse kan utviklast i eit relasjonelt samarbeid. Strategidokumentet frå Regjeringa; Skaperglede, engasjement og utforskertrang vil være sentralt og danne utgangspunkt for fagdidaktisk refleksjon og kritisk diskusjon.
Læringsutbytte
Kunnskapar Studenten
- har kunnskap om korleis ein kan arbeide med ulike dramatiske og performative uttrykksformer
- har kunnskap om teaterproduksjonsarbeid der ein vektlegg barn og unges medskaping
- har kunnskap om korleis leiing av kreative og estetiske læreprosessar i drama og teater kan tilpassast deltakarar med forskjellig nivå og bakgrunn
- har kunnskap om korleis digitale verktøy kan integrerast i samband med drama og teaterarbeid
Ferdigheiter Studenten
- kan leie dramapedagogisk arbeid der estetiske læreprosessar, improvisasjon og samspel står sentralt
- kan bruke eit utval didaktiske verktøy i arbeid med drama og teaterarbeid, individuelt og i grupper
- kan gjennomføre drama- og teaterprosessar der kropp og stemme har ein sentral plass
Generell kompetanse Studenten
- kan bidra aktivt til å skape eit godt klima for drama- og teateraktivitetar i grupper
- kan reflektere over eigen didaktisk praksis og erfaring og kople dette til relevant teori
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfeltet er ønskjeleg.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er organisert som eit samlings- og nettbasert studium. Det blir lagt inn to samlingar a to-tre dagar i emnet.
Undervisninga varierer mellom praktisk skapande arbeid, førelesingar og rettleiing. Det vert lagt til rette for at oppgåver vert tilpassa den enkelte student sin utdanningsbakgrunn og arbeidsplass.
For å sikre at studiet blir relevant og praksisnært skal studentane teste ut uttrykksformer og metodikk med eigne elevar og dele erfaringane.
Utvikling av praktisk og didaktisk kompetanse i faget er avhengig av at du gjer eigne erfaringar, innhentar kunnskap og brukar tid til oppøving og utprøving.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Godkjend obligatoriske læringsaktivitetar
- Presentera erfaringar frå utprøving av didaktisk opplegg i eige eller andre si praksis
Vurderingsform
Mappe
Karakter: bestått/ikkje bestått
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel