Hopp til innhald

LKB301 Leiing og kulturkompetanse i barnehagen

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet har eit særleg fokus på personalet i samanheng med barns livsvilkår knytt til sosial og kulturell variasjon. Dette inkluderar mellom anna migrasjon, minoritets- og majoritetsperspektiv, makt, leiing og etisk og kritisk refleksjon knytt til kulturelt mangfald. Eit lærande og endringsfokusert personale med bevisstheit kring tilhøyrigheit, inkludering og identitet kan ivareta sosial og kulturell bærekraft i barnehagen.

Emnet er knytt til følgjande tre områder:

  • Verden i barnehagen - livssyn, religion, ulikskap og individuelle føresetnader
  • Pedagogisk leiing, kritisk refleksjon og haldningsarbeid som leiar i eit personale
  • Danning og interkulturell kompetanse knytt til den fleirkulturelle barnehagen

Kunskapsbasen bygger på faga pedagogikk, samfunnsfag og rle.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om makt, medverknad, likeverd og mangfald i demokratiske prosessar knytt til barn, foreldre- og personalsamarbeid
  • har kunnskap om filosofiske og etiske problemstillingar knytt til samfunnet på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå
  • har kunnskap om interkulturell kompetanse og interkulturell kommunikasjon
  • har kunnskap om komparative perspektiver på sosialisering og ulike oppdragelsesidealer
  • har kunnskap om organisasjonsteori, organisasjonskultur, den mangfaldige barnehagen som lærande organisasjon og kan ta denne kunnskapen i bruk i høve eigen leiarrolle

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Reflektere over filosofiske, etiske, religiøse og kulturelle problemstillingar i barnehagen
  • Identifisere og reflektere rundt ulike maktforhold i den fleirkulturelle barnehagen
  • Kan sjølvstendig og i lag med andre planlegge og setje i gang bevisstgjeringsprosessar knytt til personalet sine haldningar til mangfald, og setje i gang endringsprosessar knytt til tverrkulturell kompetanse
  • Praktisere og leie fleirkulturelt foreldre- og personalsamarbeid i samanheng med eigne verdiar, normer og grunnleggande haldningar
  • Praktisere og leie det pedagogiske arbeidet i den mangfaldige barnegruppa med bevisstheit kring ulikskap som utfordring og mulegheit

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan analysere og vurdere etiske dilemma ut i frå barnehagen sitt verdigrunnlag og samfunnsmandat
  • Reflektere over barnehagen som ein arena for kultur- og religionsformidling, verdiar og danning. Samt sjå barn sin oppvekst i eit samfunn i endring
  • Er kritisk reflekterande til eigne verdiar, normer og handlingspraksis
  • Kan vidareutvikle barnehagen og barnehagelærarrolla knytt til den fleirkulturelle barnehagen som lærings- og inkluderingsarena
  • Kan leie haldningsskapande arbeid med personalet i barnehagen og knytt til samarbeid med heimen

Krav til forkunnskapar

Emnet SRLE201/SRLE202/SRLED201 må vere bestått

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium og studentaktive læringsaktivitetar som gruppearbeid, seminar, prosjektarbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må rekne med at delar av undervisninga er obligatorisk. Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å rekne som godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Eit individuelt munnleg arbeidskrav gjennomførast i seminar, der studentane presenterar sjølvvalgt artikkel eller ei etisk utfordring.
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere eit opplegg i praksis, med fokus på haldningsarbeid med personalet. Individuelt munnleg framlegg etter praksis.
  • Innlevering av individuell skriftleg prosjektskisse knytt til endeleg prosjektrapport.

Arbeidskrav vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Dersom ikkje godkjent arbeidskrav, får student eitt nytt  forsøk.

Alle arbeidskrav må være godkjende seinast 2 veker før eksamen i emnet.

I Praksis: Planlegge, gjennomføre og evaluere eit prosjektarbeid i praksis, med fokus på pedagogisk leiing av eit mindre utviklings-/endringsarbeid med personalet.  

Vurderingsform

Individuell skriftleg prosjektrapport.

Karakterskala A - F, der F tilsvarar ikkje bestått.

Ved ikkje bestått (F) kan studenten levere omarbeidd tekst ein gong.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel