MASA205 Forsking og evaluering i praksis
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studentane tileigne seg grundig forståing av forsking og evaluering i praksis, knytt til samfunnsarbeid. Å sikre deltaking av dei det gjeld i forsking er sentralt i samfunnsarbeid og i dette emnet. Vektinga av deltaking er basert på etiske omsyn, og i tillegg kan deltakarperspektiva styrkja gyldighet og relevans av forsking og evaluering. All forsking tek til med å avgrense interessefeltet og formulera forskingsspørsmål. I samfunnsarbeid er case-studiar, aksjonsforsking, og prosessevaluering mykje brukt. Desse forskings- og evalueringsmetodane gjer ulike rammer for måtar å finna, skapa og analysera data på. I emnet tileignar studentane seg praktisk erfaring med forsking og evaluering. Studentane deltek i val av metodar og gjennomføring av dataproduksjon.
Sentrale tema:
- Utforming av fagutviklingsprosjekt, evaluerings- og forskingsdesign i samfunnsarbeidsprosjekt
- Ulike former for evalueringsdesign
- Ulike former for deltaking i forsking, medforsking og evaluering
- Praktisk gjennomføring av dataproduksjon gjennom observasjon og intervju
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og
generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten...
- har inngåande kunnskap om ulike former for evaluerings- og forskingsdesign i samfunnsarbeids- og fagutviklingsprosjekt
- har inngåande kunnskap om aksjonsforsking, gruppebaserte intervju og observasjonsmetodar
- har brei kjennskap til ulike former for deltaking i forsking, medforsking og evaluering
- har inngåande kunnskap om metodar for dataproduksjon gjennom observasjon og intervju
- har inngåande kjennskap til dei strukturelle og sosiokulturelle vilkåra for kunnskapsproduksjon generelt, og for kunnskapsproduksjon i samfunnsarbeid spesielt
Ferdigheiter: Studenten...
- kan formulera faglege utfordringar og forskingsspørsmål
- kan planleggje og velje metode for eit fagutviklingsarbeid, evaluerings- eller forskingsprosjekt
- kan invitere og involvere til deltaking i forsking og evaluering
- kan gjennomføre dataproduksjon gjennom intervju og observasjon
Generell kompetanse: Studenten…
- kan stille seg kritisk til innebygde føresetnader og etiske utfordringar i forsking og evaluering
- kan reflektere over val av deltaking og medforsking, og kva nytte det kan gi
- kan reflektere kritisk over strukturelle og sosiokulturelle vilkår for kunnskapsproduksjon generelt, og for kunnskapsproduksjon i samfunnsarbeid spesielt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisning i emnet er i andre semester. Førelesingar, øvingar, arbeidsoppgåver i gruppe, sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:
1. Studentane må delta på minst ei praktisk øving med forskings- eller evalueringsmetode i gruppe.
2. Førebuing til gruppepresentasjon, refleksjon over arbeidsprosess.
Godkjende arbeidskrav er gyldig i 2 påfølgande semester.
Vurderingsform
Eksamen Munnleg eksamen, gruppe
Studentane presenterer ein refleksjon over arbeidsprosessen. Presentasjonen skal vere på om lag 20 minuttar.
Vurderingsuttrykk: Bestått eller ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel