Hopp til innhald

MDIP501C Globalisering og utdanning

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Studiet skal gi ei fordjupa fagleg forståing av globaliseringsprosessar og setja studentane i stand til drøfta globaliseringsproblem på høgt fagleg nivå. Det blir fokusert på verknader av globalisering på ulike nivå og i ulike kontekstar, og spesielt korleis globaliseringa stiller utdanningssystemet ovanfor nye utfordringar, også når det gjeld praktisk fagdidaktisk arbeid. Vidare blir det sett kritisk søkelys på samanhengen mellom utvikling og utdanning, kjønn og utdanning, samt regionale utfordringar for utdanningssystem.

Sentrale undervisningsemne:

  • Globalisering
  • Utdanning og utvikling
  • Utdanning og kjønn
  • Utdanning og religion
  • Regionale utfordringar for utdanning i ei global verd.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har avanserte kunnskapar om globaliseringsprosessar med vekt på politiske, kulturelle, sosiale og økonomiske sider
  • har god kjennskap til relasjonen mellom globalisering og utdanning
  • har god kjennskap til utviklingsteori og skiftande samanheng mellom utvikling og utdanning
  • har god kjennskap til problem knytt til kjønn innan utdanning

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere fagstoffet og bruke det som teoretisk ramme i masteroppgåva
  • kan drøfte ulike konsekvensar av globalisering, særleg i eit afrikansk perspektiv

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan reflektere kring didaktiske implikasjonar av fagstoffet
  • kan kritisk vurdere korleis globale prosessar påverkar utdanning og utdanningas rolle i eit samfunn
  • kjenner til overordna perspektiv på globalisering, og kan vurdera og drøfta ulike faglege tilnærmingar kritisk.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kjennskap til globalisering, utviklingsteori og internasjonal politikk er ein føremon.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av lesing, arbeid med tekstar og framlegg. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ein munnleg, individuell presentasjon som tar utgangspunkt i ein fagtekst frå leselista til emnet, og eit skriftleg arbeid.

Obligatoriske arbeidskrav må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom eit arbeidskrav blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent eitt eller fleire arbeidskrav får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativt arbeidskrav gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Nærare retningsliner for arbeidskravet gis ved semesterstart.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 5 dagar. Studenten skal skrive ei oppgåve på om lag 3000-3500 ord. 

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle tillate hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel