Hopp til innhald

MDIP502C Minnekultur: politikk, kritikk og didaktikk

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Minnekultur, i form av historiske og religiøse forteljingar og mytar, samt ritual og minnestader, har spela og spelar framleis ei viktig rolle i bygginga av nasjonar og identitetar, og blir forma av ulike aktørar for å oppnå politiske mål. Minnekulturen kan skape samhald og tilhøyrsle, men også konflikt og polarisering. Sentrale arenaer der minnekulturen formast er blant anna media, utdanningsinstitusjonar, museum, religiøse institusjonar og politiske rørsler. Tilhøvet mellom minnekultur, politikk og didaktikk vil vera ein gjennomgåande tematikk i emnet. Denne tematikken vil bli drøfta med utgangspunkt i teoretiske perspektiv og didaktiske omgrep, og gjennom konkrete «case», både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, med særleg vekt på kritisk tenking kring makt, inkludering og ekskludering.

Sentrale undervisningsemne:

  • Teoretiske perspektiv på ulike aspekt ved minnekultur
  • Sentrale omgrep som minnekultur, minnestader, historiemedvit, narrativ, ritual og mytar.
  • Analyse av minnekultur i praksis gjennom eit variert utval av historiske og nåtidige »case» både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kjennskap til sentrale omgrep som minnekultur, virtuelle og fysiske minnestader, historiemedvit, narrativ, ritual og mytar
  • har gode kunnskapar om eit utval konkrete «case» / konfliktar der minnekultur har spela ei sentral rolle

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte sentrale omgrep og teoriar til å analysere døme på minnekultur og makt i didaktiske, digitale og andre samfunnsmessige kontekstar
  • kan presentere og diskutere fagstoffet munnleg og skriftleg

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan reflektere kring kva rolle minnekultur spelar i undervisning, politikk og den ålmenne samfunnsdebatten kan reflektere og vere medviten om minnekulturens betydning for identitet, inkludering og ekskludering i eit elevperspektiv
  • kan nytte kunnskapen om minnekultur til å utvikle nye problemstillingar og perspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av innlegg på seminar. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av eitt seminarinnlegg og eit essay på omlag 4 sider (ca. 1600 ord). Essayet skal handle om problematikkar, situasjonar, hendingar, minnestader eller konfliktar der aspekt ved minnekultur står sentralt. Essayet skal presenterast munnleg og skriftleg i seminar som utgangspunkt for diskusjon og refleksjon kring temaet.

Obligatoriske arbeidskrav må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom eit arbeidskrav blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent eitt eller fleire arbeidskrav får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativt arbeidskrav gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Nærare retningsliner for arbeidskravet gis ved semesterstart.

Vurderingsform

Munnleg eksamen på inntil 45 min. Til grunn for den munnlege prøva ligg pensum og det skriftlege essayet.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel