MF6-2000 Merkevarestrategi
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet dekkjer følgjande tema:
Kundebasert merkeverdi, posisjonering av eit merke,
- Korleis byggje ei merkevare
- Assosiasjonar
- Korleis måle og tolke kor bra eit merke gjer det
- Korleis auke eit merke sin verdi.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten skal
- Utvikle ei grunnleggjande forståing av dei viktigaste driverane for å bygge sterke merkevarer.
- forstå korleis forbrukarar lærer assosiasjonar om ei merkevare.
- kjenne til dei viktigaste omgrepa som vert nytta innan merkevarelitteraturen
- forstå kvifor og korleis reklame påverkar forbrukarar
- forstå korleis merkevarer innan reiselivet kan byggast
Ferdigheiter
Studenten skal
- vurdere kva metodar som er mest tenelege å bruke for å bygge merkeverdi for eit merke, samt metodar som vert brukt for å vidareutvikle merker
- kunne nytta metodar for å avsløre assosiasjonsnettverket til forbrukarar
- kjenne til ideane bak design og implementering av marknadsføringsprogram
Generell kompetanse
Studenten kan
- identifisere driverar for å bygge sterke merkevarer og reflektere over bruken av desse.
- identifisere og evaluere ulike strategiar i merkevarebygging.
- designe eigne marknadsføringsprogram.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Marknadsføring (MF6-1000) eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsforma vil variere mellom førelesingar, gjesteførelesingar, sjølvstudium, og gruppeøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har eitt arbeidskrav som skal løysast i grupper og må vera godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Bokstavkarakter
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel