MGBKH502 Kunst og handverk 3, emne 2 - Vitskapsteori, metode og kunstfagdidaktiske prosessar
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane eit utvida vitskapsteoretisk og metodisk grunnlag for å jobbe med fagdidaktiske problemstillingar i kunst og handverk. I arbeidet med emnet skal studentane få innsikt i vitskapsteoretiske posisjonar og ulike strategiar og metodar relatert til faget.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har solid kunnskap om vitskapelege tradisjonar, teoriar og metodar i faget og faget sin eigenart som forskingsområde
- kan identifisere relevante problemområder, avgrense faglege problemstillingar og grunngje val av teori
- har avansert kunnskap om forskingsmetodiske, -etiske og estetiske sider ved forskingsprosessen
- har praktisk og teoretisk kunnskap om fasane i FoU-prosjekt
Ferdigheter
Studenten
- kan kritisk velje ut, nytte og drøfte vitskapsteori og metode som er relevant for faget, og jobbe fram eit avgrensa problemområde
- kan kritisk reflektere over ulike posisjonar i vitskapsteori og forskingsmetode og nytte det til å plassere eige FoU-arbeid i fagfeltet
- kritisk vurdere ulike kjelder i ein forskingsprosess og i litteraturgjennomgang
Generell kompetanse
Studenten
- kan kommunisere på eit analytisk og kritisk nivå ved hjelp av faget sine omgrep og uttrykksformer.
- kan tolke og kritisk vurdere forsking, og implementere denne i undervisnings- og utviklingsarbeid
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kunst og handverk (60 sp) frå syklus 1 eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Verkstedarbeid, førelesingar, litteraturstudier, forskningsarbeid, prosjekt, seminar og kollokviegrupper
Obligatorisk læringsaktivitet
- Aktiv deltaking på obligatoriske læringsaktivitetar definert på læringsplattform
- Gjennomføring av obligatoriske læringsaktivitetar i form av skriftlege og munnlege presentasjonar. Ein av desse skal vere innanfor forskingsetikk. Oppgåvene vil ligge tilgjengeleg på læringsplatformen
Godkjende arbeidskrav er gyldig i to semester etter godkjenning.
Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjend før ein kan avlegge eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg individuell oppgåve.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel