MGBKØ141 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vera lærar i kroppsøving på steg 1-7 i grunnskulen.
Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Sentralt ligg utvikling av undervisningskompetanse knytt til variert bevegelseslæring og kroppslege erfaringar. Å legga til rette for bevegelsesaktivitetar som leik, tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barnekulturen, dans, friluftsliv, samt begynnaropplæring i idrett står sentralt. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
- har kunnskap om å planlegge, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
- har kunnskap om ulike former for leik og andre bevegelsesaktivitetar i barnekulturen
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven
Ferdigheiter
Studenten
- kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningsliner planlegge, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
- kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, nærfriluftsliv, dans og idrettsaktivitet, og gjera seg nytte av dette i undervising i kroppsøving
- kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
- kan ivareta HMS for elevane i ulike aktiviteter og bevegelsesmiljø
- kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane
- kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, bidra til utvikling av god praksis og eigen lærarrolle.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking på turar/ekskursjonar
- Praktisk-metodisk undervisingsoppgåve
- Friluftsliv med overnatting
- Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
- Del 1: Oppgåve (ein fagtekst på 2500 ord +/- 10 %). Vekting 50 % av endeleg karakter.
- Del 2: Praktisk eksamen. Vekting 50 % av endeleg karakter.
Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av eksamen.
Karakterskala A til F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
- Oppgåve: Alle
- Praktisk eksamen: Ingen