MGBKØ201 Kroppsøving 1, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, eleven og tilpassa opplæring
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på steg 1-7 i grunnskolen, og må sjåast i samanheng med emne 1.
Sentralt står vidare utvikling av undervisningskompetanse i begynneropplæring knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslege erfaringar. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein no i større grad kunne tilpassa undervisninga til den enkelte elev sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera elevenes læring og utvikling i kroppsøvingsfaget og kunne gje læringsfremjande tilbakemeldingar. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av elevens vekst og utvikling
- har kunnskap om kva som fremjar bevegelsesglede hos elevar på steg 1-7
- har kunnskap om vurdering i kroppsøving på steg 1-7
- har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og identitet i samfunn, media og kultur.
Ferdigheiter
Studenten
- kan leggja til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet.
- kan gjennomføra skapande og utforskande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
- kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering
- kan på fagets premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
- kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving
- kan bidra til å sjå kroppsøving i tverrfaglege perspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og profesjonsretta arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil være førelesingar, praktiske økter, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleiker.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Delta på turar/ekskursjonar.
- Forberede og delta med presentasjon på fagseminar.
- Profesjonsfaglig digital kompetanse: Planlagt undervisning ved hjelp av digitale verktøy. Gjennomføring i praksisperioden og erfaringsdeling på profesjonsdag. Det vil foreligge retningslinjer for arbeidet ved semesterstart.
- Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Ein praktisk eksamen der studenten skal planlegga, gjennomføra og deretter reflektera over eit undervisingsopplegg.
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel