MGBKØ401 Kroppsøving 2, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, lærarkompetanse, forsking og utviklingsarbeid
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet tek sikte på å utdjupa kunnskap om og forståing av kroppsøving, og inneheld ei innføring i metodisk vitskapleg arbeid.
Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til begynneropplæring, kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.
Ein sentral del av emnet er FoU-oppgåva på 7,5 studiepoeng som er eit samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om profesjonsrettet og praksisorientert forsking og utviklingsarbeid med relevans til kunnskapsproduksjon i kroppsøving.
- har kunnskap om kroppsøving og innsikt i relevante fagdidaktiske problemstillingar i arbeid mot profesjonsfagleg utvikling.
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betre undervisning og læring i kroppsøving.
- kan gjennomføra forsknings- og utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving.
- kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving.
- kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på begynneropplæring, undervising og læring i kroppsøving.
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving
- kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.
- Deltaking på turar/ekskursjonar
- Framdriftsseminar med presentasjon knytt til FoU-oppgåve
- Friluftsliv med overnatting
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Del 1: FoU-oppgåve. Vekting 50 %.
Del 2: Praktisk eksamen. Ein praktisk eksamen der studenten planlegger og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderer refleksjon over fagdidaktiske problemstillingar med sikte på å utvikle eiga undervisning og læring i kroppsøving. Vekting 50 %.
Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel