MGUKØ550 Kroppsøving 3, emne 4 - Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Målet med emnet er at studenten skal tileigna seg innsikt og erfaring i å planlegga, gjennomføra og rapportera eit sjølvstendig forskningsarbeid. Arbeidet skal kvalifisere for seinare arbeid med pedagogiske og kroppsøvingsfaglege problemstillingar. Oppgåva skal vere profesjonsretta og praksisorientert.
Planlegging, gjennomføring og skriftleg rapportering av eit masterprosjekt under rettleiing.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om å planlegga, legga til rette for, og gjennomføra avgrensa forskings- og utviklingsarbeid
- har kunnskap om vitenskapsteori, metode og forskningsetikk for kroppsøvingsfaglig forsking
- har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde knytt til kroppsøving
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruka relevante forskingsmetodar til innsamling og analyse av data
- kan avgrensa og gjennomføra eit sjølvstendig forskings- og utviklingsarbeid i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer
- kan analysera og forholda seg kritisk til vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder og bruke dette i forsking og refleksjon kring kroppsøving og skuleutvikling
Generell kompetanse
Studenten
- kan bruka kunnskap og ferdigheter på nye områder innenfor det kroppsøvingsfaglige feltet
- kan planlegga, evaluera og revidera undervisning i kroppsøving
- kan bidra til nytenking og utvikling av lærarprofesjon
- kan analysera og kritisk vurdera vitskaplege arbeid
- kan kommunisere om faget til til ulike aktører og profesjoner
Krav til forkunnskapar
Bestått FoU-oppgåve.
Undervisnings- og læringsformer
I emnet skal studenten sjølvstendig og i samarbeid med rettleiar arbeida med å planlegga, gjennomføra og rapportera frå sin masteroppgave.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske samlingar/seminar der studenten skal førebu og legga fram med utgangspunkt i eige prosjekt og framdrift.
Arbeidskrav må vere godkjent for at studenten skal få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg masteroppgåve.
Retningsliner for masteroppgåva har informasjon om formelle krav til oppgåva.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel