MGUKØ131 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på steg 5-10 i grunnskulen.
Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Til emnet ligg utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar som idrett, friluftsliv, leik og dans, samt tidsaktuelle og tradisjonelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskultur. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
- har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
- har kunnskap om å planlegge, gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
- har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskultur
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven
Ferdigheiter
Studenten
- kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
- kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving
- kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
- kan ivareta HMS for elevane i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
- kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til felles danning og identitetsskaping til elevane
- kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, bidra til utvikling av god praksis og eigen lærarrolle.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane.
- Delta på turar/ekskursjonar.
- Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava. I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
- Praktisk-metodiske undervisingsoppgåver
- Friluftsliv med overnatting
Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Bergen:
- Del 1: Oppgåve i form av ein akademisk tekst (omfang: 1500 ord +/- 10%).
- Del 2: Film og refleksjonsnotat (omfang: 1500 ord +/- 10%).
- Kvar del tel 50 % av karakteren. Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.
Stord:
- Del 1: Oppgåve (fem fagtekstar, totalt omfang 5000 ord +/-10% og 2 presentasjonar).
- Del 2: Praktisk eksamen.
- Kvar del tel 50 % av karakteren. Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av eksamen.
Karakterskala A til F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Bergen: Alle
Stord: Oppgåve: Alle. Praktisk eksamen: Ingen.
Meir om hjelpemiddel