MGUNA231 Naturfag 1, emne 2 - Fysikk og kjemi for grunnskulen
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Naturfag 1 er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Den levande naturen
- Den ikkje-levande naturen.
Gjennom Naturfag 1 emne 2 møter studentane sentrale naturfaglege og naturfagdidaktiske tema som er relevante for undervisning i naturfag i grunnskulen på 5. - 10. steg.
Emnet gjev studenten fagleg tryggleik i tema innan fysikk, kjemi og geologi som er sentrale i naturfag for 5. - 10. steg i grunnskulen. Studenten lærer å planlegge undervisning som bygger på elevane sine kvardagsforestillingar, å konkretisere fagstoffet og å legge til rette for utforskande undervisning. Fag og didaktikk vert sett på i samanheng.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten
- kan bruke partikkelmodellen til å beskrive oppbygging og eigenskapar til faste stoff, væsker og gassar og forklare samanhengen mellom faseovergang og energi
- har kunnskap om namnsetting, oppbygging og eigenskapar til vanlege kjemiske stoff, og kan bruke periodesystemet til å forklare dette
- har grunnleggande kunnskap om kjemiske reaksjonar på makro-, mikro og representasjonsnivå
- har kunnskap om mekanikk og elektrisitet med spesielt fokus på bevaring, overføring og kvalitet av energi og kan illustrere dette ved hjelp av forsøk
- har kunnskap om bølger, lyd og lys og kjenner til forsøk og aktivitetar som kan illustrere fenomen knytt til dette temaet
- har kunnskap om modellar for solsystemet og kan gjere greie for desse kan brukast til å forstå ulike fjerne og nære fenomen.
- kan forklare ytre og indre geologiske prosessar på jorda, forklare korleis vanlege norske mineral og bergartar har vorte til og bruke ulike modellar til å illustrere dette
- har grunnleggande kunnskap om ulike dialogiske og utforskande arbeidsmåtar og kan nytte denne kunnskapen til å aktivere elevane sine forkunnskapar og avdekke kvardagsforestillingar
- har kunnskap om grunnleggande teknologiske prinsipp knytt til fysikk og kjemi, og kjenner til formålet med teknologi som tema i skulen
- har kunnskap om korleis legg til rette for utvikling av elevar sine digitale ferdigheiter i naturfag
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke relevant utstyr til å gjennomføre aktivitetar og målingar, og vurdere nødvendige tryggingstiltak
- kan koble mellom observasjonar og modellar
- kan bruke kunnskap i fysikk og kjemi til enkel problemløysing med og utan digitale verktøy
- kan legge til rette for og gjennomføre tverrfagleg teknologiundervisning knytt til tema innan fysikk og kjemi
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan analysera og bruke gjeldande læreplan for barne- og undomstrinnet som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan drøfte eiga rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- har grunnleggende kunnskap om natur-vitenskapens metoder og tenkemåter som grunnlag for kritisk tenking og utforskende arbeidsmetoder
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er fordel å ha hatt naturfag (fysikk, kjemi og andre relevante fagdisiplinar) frå vidaregåande skule.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformene vil variere mellom forelesningar, demonstrasjonar, laboratoriearbeid, oppgåveløysing og undervisningsøvingar. Det vert lagt vekt på arbeidsformer som kan brukast på mellom- og ungdomssteget.
Delar av pensum må arbeidast med som sjølvstudium. Det anbefalast å bearbeide lærestoffet gjennom kollokvier.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennom semesteret skal studenten fortløpande levere arbeidskrav som dokumenterer utvikling av fagleg og fagdidaktisk kompetanse. Desse skal innehalde:
- Studentane må rekna at delar av undervisninga er obligatoriske, Dette kan til dømes vere undervisningsøkter med gruppediskusjonar, oppgåveskriving eller framlegg. Oversikt over dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gitt ved semesterstart. Frammøte til desse læringsaktivitetane er å reknsom godkjent, og fråvær blir å rekne som ikkje godkjent.
- Deltaking og journalføring frå praktiske øvingar
- Munnleg framlegg av praksisarbeid
- Eit didaktisk arbeid
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen.
Nærare omtale og retningslinjer for arbeidskrav vil vere klare ved semesterstart. Arbeidskrava må vere gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Godkjent arbeidskrav er gyldig i to påfølgjande semesteret etter godkjenninga.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 6 timar.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Tabellar i fysikk og kjemi, kalkulator
Meir om hjelpemiddel