MGUNA502 Naturfag 3, emne 2 - Vitskapsteori og metode
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
MGUNA502 er del av masterutdanninga i naturfag på GLU 1-7 og GLU 5-10. Kurset går i høstsemesteret 4. studieår. Saman med MGUNA501 og MGUNA503 gjev emnet kompetansegrunnlag for masteroppgåve i naturfag.
Emnet består av fire ulike delar:
- Vitskapsteori: Eit kurs i vitskapsteori.
- Etikk: Innføring i forskingsetikk med vekt på problem knytte til skuleforsking.
- Metodelære: Emnet inneheld ei oversikt over korleis ulike problemstillingar krev ulik metodar. I denne gjennomgåinga vert det lagt vekt på å få fram kunnskap om kva dei ulike vitskaplege metodane har felles og kva som skil dei.
- Oppgåveseminar: Emnet inneheld eit obligatorisk seminar der studentane skal leggja fram og delta i drøftinga av eige og andre sine oppgåveframlegg. Studentane skal også læra å lesa artiklar og reflektera over korleis truverdet vert skapt i vitskapleg arbeid. Seminaret er med på å danna grunnlag for ein seinare prosjektplan for masteroppgåva.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten skal ha
- har inngåande kunnskapar om vitskaplege teoriar og metodar i forsking på undervisning i naturfag
- har inngåande kunnskapar om etiske spørsmål knytte til forsking på menneske, særleg barn.
- Kjennskap til reglar for innsamling av personsensitive data
- har inngåande kunnskapar om sentrale diskusjonar og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien; vitskapshistorie og viktige paradigmeskifte
Ferdigheiter
Studenten skal
- Kunna presentera og utvikla metodiske tilnærmingar ut frå ei problemstilling
- Kunna bruka og velja ulike kvantitative og kvalitative analyseverktøy, som til dømes statistikkprogramvare, spørjeskjema, tekstanalysemetodar, analyse av lærebøker, intervju, observasjon, effektstudiar.
- Kunna tolka, analysera og vurdera forsking frå naturfagdidaktisk litteratur , kunna vurdera sterke og svake sider og manglar ved ulike metodiske tilnærmingar, kunna bruka desse ferdigheitene til framlegging av ei problemstilling.
Generell kompetanse
Studenten skal
- Kunna analysera grunnleggjande forskingsetiske problem i naturfagdidaktiske studiar.
- Ha god innsikt i analysemetodar som er relevante for forskingsprosjektet og masteroppgåva deira.
- Forstå og kunna underbyggja hovudtrekka i deira eige prosjekt.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Naturfag 60 sp
Undervisnings- og læringsformer
Ein del av emnet vil verta gjeve som tradisjonelle forelesningar. Ein del vil verta gjeve som arbeid med enkeltdøme og med ulike artiklar. Ein sentralt mål med undervisninga er å øva studentane sitt refleksjonsnivå og uttrykksevne i høve til aktuelle emne slik at dei kan lesa artiklar, reflektera over korleis truverd vert skapt i vitskapleg arbeid og vidare å kunna formidla det. Emnet vil difor også innehalda eit obligatorisk oppgåveseminar der studentane skal leggja fram og delta aktivt i drøftinga av eige og andre sine oppgåveframlegg.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Planlegging og utprøving av ein kvantitativ og ein kvalitativ metode som er aktuell i utdanningsforsking.
- Utkast til litteraturgjennomgang av eit valgt tema
- Eit arbeid knytt til forskingsetikk.
Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen
Nærare opplysningar om arbeidskrava vert gjeve ved semesterstart.
Arbeidskrav vert vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Godkjende arbeidskrav er gyldig i to påfølgjende semester etter godkjenning. Arbeidskrava må være fullført innen gitte fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Del 1: Individuell skriftleg oppgåve, om lag 4-7 sider. Litteraturgjennomgang knytt til eige fagfelt. Eit utval artiklar (nasjonale og internasjonale) som utgjer ei gjennomgåing av sentrale kjelder til eit sjølvvalgt naturfagdidaktisk tema. Vekting 30 % av endeleg karakter.
Del 2: Individuell skriftleg heimeeksamen, 10 dagar, om lag 3000 ord +/- 20 %. Vekting 70 % av endeleg karakter.
Nærare opplysningar vert gjeve ved semesterstart.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått takast opp att åleine.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel