MGUNO202 Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Norsk på mellomsteget 2: litteratur- og tekstkunnskap er andre del av Norsk 1 for GLU 5-10. I lag med emnet Norsk på mellomsteget 1: språk- og tekstkunnskap kvalifiserer dette til norskundervisning på mellomsteget. Høgskulen på Vestlandet tilbyr likevel Norsk for GLU 5-10 berre som 60-studiepoengs fag. Sentralt Norsk på mellomsteget 2: litteratur- og tekstkunnskap står delemne knytt til arbeid med litteratur og tekst, som elementær tekstkunnskap, litteraturteori og litteraturdidaktikk, og dessutan arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene. Emnet legg også vekt på at studentane skal utvikla eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for mellomsteget
- har gode kunnskapar om lesing og lesestrategiar, og korleis elevar på mellomsteget kan vidareutvikla leseforståinga og leseferdigheitene sine
- har kunnskapar om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne
- har kunnskapar om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har kunnskapar om samisk språk, litteratur og kultur
- har kunnskapar om vurdering og læremiddel, med vekt på mellomsteget.
Ferdigheiter
Studenten
- kan leggja til rette for at elevane får skriva både sakprega tekstar og fiksjonstekstar med ulikt føremål
- kan leggja til rette for at elevane får lesa eit breitt utval litteratur, og at dei utviklar leselyst, gode lesestrategiar og litterær kompetanse
- kan analysera, tolka, vurdera og leia samtalar om tekstar, og presentera litterære innsikter på varierte måtar
- kan vurdera og ta i bruk nye metodar, ny teknologi og ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre, i arbeidet med den vidare leseopplæringa
- kan bruka kunnskap om språk og litteratur i fagleg arbeid med respons på og vurdering av skriftlege, munnlege og multimodale elevtekstar
- kan kjenna att teikn på lese- og skrivevanskar
- kan tilpassa undervisninga til elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- meistrar nynorsk og bokmål og kan undervisa elevar i begge målformer.
Generell kompetanse
Studenten
- kan leggja til rette for at elevane på mellomsteget vidareutviklar ferdigheiter knytt til lesing, tekst og litteratur, og at dei kan nytta desse ferdigheitene til aktiv deltaking i klasserommet og i andre sosiale arenaar
- kan planleggja, gjennomføra og reflektera over norskundervisning i sentrale emne og gjera greie for elev- og stegtilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdera eigen praksis med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
- kan arbeida med språk og tekst i fleirspråklege og fleirkulturelle klassemiljø
- kan skriva akademisk på begynnarnivå.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromsundervisning og varierte, studentaktive læringsformer. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum, og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis. Ein del av undervisninga er derfor obligatorisk.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane har 3 arbeidskrav i emnet der minst eitt skal vera skriftleg, og der eitt kan vera knytt til praksis. Eitt arbeidskrav skal knytast til FoU-temaet akademisk lesing der studentane presenterer ein fagleg artikkel på eit seminar.
Det vil vere krav om frammøte knytt til dei obligatoriske læringsaktivitetane.
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava. Alle arbeidskrav må vera godkjende for at studenten skal kunna ta eksamen i emnet. Dersom eit arbeidskrav ikkje blir godkjent, vil det bli høve til å levere på nytt éin gong same semester innan ein tidsfrist sett av faglærar.
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Målform: Bokmål. Både fagleg innhald og språkleg utforming vert vurdert.
Tid og stad for eksamen vert annonsert på Studentweb.
Karakterskala: A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjend ordbok eller ordliste.
Meir om hjelpemiddel