Hopp til innhald

MGUNO550 Norsk 3, emne 4 - Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Dette er eitt av fire masteremne i norsk. De er plassert i 5.studieår, 1. og 2.semester. Emnet er felles for GLU 1-7 og GLU 5-10.

Under rettleiing frå faglærar skal studenten i femte året av studiet gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt og dokumentere dette arbeidet gjennom ei masteroppgåve på 45 sp. 

Masteroppgåva skal vise studentens evne til å behandle problemstillingar knytt til masterfaget norsk på ein sjølvstendig, systematisk og analytisk måte. Masteroppgåva tar utgangspunkt i ei sjølvvalt problemstilling på grunnlag av kunnskapsstoffet i eitt eller fleire av masteremna i masterfaget norsk. Tema, problemstilling og litteraturtilfang blir utvikla i samråd med rettleiar. Kvar student får ein hovudrettleiar. Det blir inngått individuelle forpliktande rettleiingsavtaler.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap om nasjonal og internasjonal forsking i masterfaget norsk
  • har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
  • har inngåande kunnskap om relevant teori og metode for masteroppgåva

Ferdigheiter

Studenten

  • kan kritisk nytte forskingsbasert, profesjonsretta kunnskap i masterfaget til utforsking av nye problemområde
  • kan analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
  • kan bruke relevant teori og metode knytt til arbeidet med eige masterarbeid og reflektere kritisk over eigne val
  • kan gjennomføre eit profesjonsretta, sjølvstendig, og avgrensa forskingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan posisjonere eiga forsking i høve til forskingsfeltets historie, eigenart og samfunnsmessige plassering
  • kan formidle resultat frå masteroppgåva på ein tilfredsstillande og relevant måte.
  • kan bidra til utviklingsarbeid som fører til norskfagleg nytenking i skolen.

Krav til forkunnskapar

Bestått praksis og bestått FOU-oppgåve.

Tilrådde forkunnskapar

MGUNO503

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er i hovudsak studentdrive i tett dialog med rettleiar og med obligatoriske skriveseminar etter ein oppsett plan.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Studenten skal gje minst ei skriftleg tilbakemelding på ein del av masteroppgåva til ein medstudent.
  • Studenten skal halde ei open førelesing på 15 min. knytt til masteroppgåva og skal ta opp sentrale perspektiv i denne.

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Presisering av formelle krav vert delt ut ved semesterstart.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere utført og godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Studentar som ikkje består eit obligatorisk arbeidskrav får eitt (1) nytt leveringsforsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar. 

Vurderingsform

Skriftleg masteroppgåve. Oppgåva skriv ein enten aleine eller i par. Ved samskiriving gjeld særlege reglar/formalia. For ei samla oversikt, sjå eigne retningslinjer for masteroppgåva.

Språk: norsk

Referansestil: APA6th/7th

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. Oppgåva blir vurdert etter kriteria i karakterskalaen frå nasjonalt fagråd for nordisk språk og litteratur.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel