Hopp til innhald

MGUSA401 Samfunnsfag 2, emne 2 - Fordjuping i samfunnsfag 2

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar. Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga byr på ei balansert fordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet er retta mot mellom- og ungdomstrinn med særleg vekt på å vidareutvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetansemål. Emnet skal gje fordjuping i utvalde samfunnsfagelege tema. Emnet skal også opne for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen. Internasjonale emne er sentrale. I emnet skal studentane skrive ei FoU-oppgåve. Tema for FoU-oppgåva skal vere relevant for undervisningsfaget samfunnsfag. Deler av pensum er på engelsk.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Kandidaten

  • har, i tilknyting til arbeid med FoU-oppgåva, djupnekunnskap om utvalde teoriar, metodar og fagdidaktikk knytt til eit sentralt tema i undervisningsfaget samfunnsfag
  • har djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder, og bruke dette i eige FOU-arbeid og til å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet 
  • kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
  • kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MGUSA101 og MGUSA201

Undervisnings- og læringsformer

Oppgåveskriving, framlegging av oppgåve, førelesingar, individuelt arbeide, gruppearbeid, ekskursjonar. 

Obligatorisk læringsaktivitet

* Når faget går som fag 1: Kandidaten skal leggja fram utkast til FoU-oppgåve for medstudentar og faglærar. 

* Et obligatorisk arbeidskrav som vil bli spesifisert ved semesterstart

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. 

Vurderingsform

Deleksamen, med ei FoU-oppgåve/semesteroppgave og ein munnleg eksamen.

FoU-oppgåva/semesteroppgåva utgjer 50 % av endeleg karakter, og munnleg eksamen utgjer 50 % av endeleg karakter. 

Karakterskala A - F, der F er ikkje greidd.

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.

  • FoU-oppgåve/semesteroppgåve. Studentar som tar emnet som Fag 1 skal skrive ei FoU-oppgåve. Studentar som tar emnet som Fag 2 skal skrive ei semesteroppgåve. Innleveringstidspunkt blir gitt på Studentweb og digitalt eksamenssystem. Ved ikkje greidd, kan oppgåva leverast på nytt i redigert form påfølgande semester.
  • Individuell munnleg eksamen, 30 minutt. Tid og stad for eksamen blir gitt på Canvas.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel