Hopp til innhald

MIDR503 Prosjektplan

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Det vil bli gitt ei innføring i kva element som skal inngå i ein prosjektplan. Studentane vil få innføring i bruk av databasar (t.d: PubMed, ISI, Bibsys), samt innføring i søknadar til sentrale myndigheiter (t.d: Regionale komitear for forskingsetikk). Det vil vere fokus på å førebu studentane på å skrive masteroppgåve.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • kan vurdere behovet for å søke sentrale myndigheiter om godkjenning av eit forskingsprosjekt ut frå prosjektets problemstillingar og metoder
  • har inngående kunnskap om val av forskingsmetode for ulike problemstillingar og hypotesar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan utforme ein vitskapleg prosjektplan
  • kan søke systematisk i vitskaplege databaser

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere etiske problemstillingar knytt til idrett som forskingsfelt
  • kan planlegge eit større forskings- og utviklingsprosjekt

Undervisnings- og læringsformer

Veksling mellom førelesingar og studentaktive læringsformer. Det vil bli teke utgangspunkt i eige masterprosjekt. Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er tre arbeidskrav:

1) Innlevering av preliminær problemstilling

2) Deltaking på Work-In-Progress seminar som inkluderar at studenten legg fram sin prosjektplan til medstudentar

3) Innlevering av eit undervegs-utkast til prosjektplan

Vurderingsform

Prosjektplan vurdert til bestått/ikkje bestått