Hopp til innhald

MIDR506 Masteroppgåve i idrettsvitskap

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Målet med masteroppgåva er å gi studenten innsikt og erfaring i å planlegge, gjennomføre og rapportere eit sjølvstendig vitskapeleg prosjekt. Dette skal kvalifisere for seinare arbeid med idrettsfaglege problemstillingar på høgt nivå.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om å planlegge, legge til rette for og gjennomføre avgrensa forskings- og utviklingsprosjekt
  • har inngåande kunnskap om forskingsmetodar i idrettsvitskap
  • har avansert kunnskap om eit avgrensa idrettsvitskapleg fagområde

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke relevante forskingsmetodar til innsamling og analyse av data
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- og utviklingsprosjekt under rettleiing og i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan analysere og forholde seg kritisk til vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege resonnement

Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapar om bevegelse, læring og folkehelse på nye områder for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
  • kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til fysisk aktivitet
  • kan analysere og kritisk vurdere vitskaplege arbeid
  • kan forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og bruke desse til å strukturere og formulere faglege ressonnement

Krav til forkunnskapar

For å få levere masteroppgåva må alle emner i første og andre semester være bestått

Undervisnings- og læringsformer

I denne delen av studiet skal studenten sjølvstendig og i samarbeid med rettleiar arbeide med å planlegge, gjennomføre og rapportere frå sitt masterprosjekt.

Kvar student skal ha oppnemnt rettleiar og eventuelt medrettleiar. Det vert gitt inntil 35 timar rettleiing til prosjektplan og masteroppgåve. Ved etableringa av rettleiingsforholdet skal det lagast ein avtale mellom rettleiar og student der begge sine plikter og rettar er nærare definert.

Masteroppgåva er ei individuell oppgåve. To eller fleire kan difor ikkje levere inn ei masteroppgåve saman. Dette utelukkar derimot ikkje at studentar kan nytte delar av same datagrunnlag frå større fellesprosjekt. Dersom oppgåva inngår som ein del av eit større prosjekt, skal dette prosjektet beskrivast. Det skal gå klart fram kva del av prosjektet masterstudenten har hatt ansvaret for, kva han/ho sjølv har utført, og kva slags data som er stilt til rådvelde frå andre medarbeidarar. Dei utvala som er gjort og dei metodane som er brukt for å samle inn og handsame eigne og medarbeidarars data skal beskrivast i detalj.

Det vert rådd til at masteroppgåva ikkje overskrid 100 sider. Linjeavstand:1,5

Masteroppgåva kan alternativt leverast som ein vitenskapeleg artikkel der studenten er førsteforfattar.  Artikkelen skal følge retningslinjene til eit valgt tidsskrift. I tillegg til artikkelen skal masterstudenten skrive ein utfyllande teori- og metodedel på tilsaman 15-30 sider (linjeavstand 1.5). Denne kan skrivast på norsk eller engelsk og innehalde den same dokumentasjon av eigen innsats og bruk av andre sine data som det som vert krevd av ei vanleg masteroppgåve.

Obligatoriske læringsaktivitetar vert gitt oversikt over ved studiestart.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det vert arrangert tre obligatoriske samlingar i løpet av 3. og 4. semester. Samlingane skal sikre progresjon i arbeidet med masteroppgåva. Studentane får oppgåver og undervisning tilpassa dei ulike stadiane i arbeidet med masteroppgåva.

Vurderingsform

Arbeidet vert vurdert basert på oppgåva og justerande munnleg eksamen etter gradert karakterskala A-F. Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på bestått resultat, som er sett på oppgåva på førehand, opp eller ned med maksimalt ein karakter.

Dersom masteroppgåva vert vurdert til ikkje bestått, må studenten levere på nytt med bestått resultat før justerande munnleg eksamen kan gjennomførast.

Under justerande munnleg eksamen av masteroppgåva, skal studenten innleiingsvis gi ein presentasjon av masteroppgåva på 10-15 minutt. Samla tid for den munnlege delen er ca. 1 time. Studenten skal etter justerande munnleg eksamen få ei munnleg grunngjeving for karakteren.

Eksamenskommisjonen skal vere sett saman av éin intern og éin ekstern sensor. Rettleiar si rolle er kun å bistå med utfyllande opplysningar om kandidatens innsats med masteroppgåva.