MPUV501B IKT i læring 1 - Digital teknologi i pedagogisk utviklingsarbeid
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi avansert og inngåande kompetanse i å planleggje, gjennomføre og vurdere pedagogisk utviklingsarbeid der digital teknologi inngår som sentralt element. Emnet vektlegg ulike læringsteoriar og forskings- og teoriperspektiv som er relevant for pedagogisk bruk av IKT i opplæring. Det vert og lagt vekt på vurdering, implementering og utvikling av IKT baserte læringsressursar med utgangspunkt i ein fagleg kontekst.
I dette emnet skal ein sjå utvikling og det å ta i bruk digital teknologi i eit samfunnsmessig og pedagogisk perspektiv. Viktig tema her er medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og faglæring. I emnet skal studenten utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse og yrkesetisk refleksjon Spørsmål relatert til leiing av utviklingsarbeid i ein læringskontekst står sentralt, samt inngåande vurdering av og refleksjon over pedagogisk bruk av IKT. Det vert lagt stor vekt på studentaktive læringsformer i studiet.
I emnet vil følgjande tema bli vektlagt:
- Barn og unge i mediesamfunnet
- Teknologi, digital kompetanse og dømmekraft
- Ulike kunnskapssyn knytt til pedagogisk bruk av IKT
- Undervisningsplanlegging
- Kritisk refleksjon og vurdering av pedagogisk bruk av IKT
- Elev- og lærarroller i mangfaldige læringsmiljø
- Vurdering, bruk og utvikling av læringsressursar
- Demokratisk deltaking og medborgarskap i læringskontekstar der digitale verktøy inngår
- Folkehelse og livsmeistring i lys av digitalisering
Læringsutbytte
Emnet skal bidra til at kandidaten oppnår følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Kandidaten
- Har inngåande kunnskap om relevante teoriar knytt til pedagogisk bruk av IKT
- Har inngåande kunnskap om vurdering, bruk, undervisningsplanlegging og rettleiing i læringsmiljø der digitale læringsressursar står sentralt
- Har kunnskap i utvikling av digitale læringsressursar
- Har kunnskap om pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid der digitale verktøy inngår
- Har kjennskap til oppdatert og innovativ forsking på feltet
Ferdigheiter
Kandidaten
- Kan bruke IKT på ein innovativ måte for å oppnå kompetansemål og sikre progresjon i læringsarbeid
- Kan analysere og reflektere over læraren sin profesjonsfaglege digitale kompetanse
- Kan kritisk vurdere og reflektere over pedagogisk bruk av IKT
- Kan vurdere og ta i bruk læringsressursar i ein fagleg kontekst, med utgangspunkt i forskingsresultat og relevante læringsteoriar
- Kan utvikle enkle læringsressursar
Generell kompetanse
Kandidaten
- Kan oppdatere sin eigen praksis og faglege innsikt med utgangspunkt i forskingsbasert kunnskap
- Kan kritisk reflektere over problemstillingar knytt til samspelet mellom læring, fag og IKT
- Kan rettleie elevar i utvikling av ferdigheiter og forståing i bruk av IKT som reiskap for læring
- Kan arbeide med IKT-relatert kvalitetsutvikling
- Kan vurdere muligheiter og utfordingar ved bruk av digitale læringsressursar
- Kan vurdere etiske problemstillingar knytt til pedagogisk bruk av IKT
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli lagt opp med samlingar, nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane.
Det er inntil to samlingar á 3 dagar per semester i emnet.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføre og levere oppgåver som førebuing til samlingane
- Framlegging av arbeid på samlingar
- Arbeid med digitale og praksisbaserte oppgåver (individuelt og i grupper) mellom samlingane
- Innlegg munnleg og skriftleg på nettmøte, diskusjonar (i grupper og i plenum)
Arbeidskrava vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske arbeidskrav må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom eit arbeidskrav blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent eitt eller fleire arbeidskrav får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativt arbeidskrav gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Vurderingsform
Mappevurdering.
Mappa består av:
- Arbeid som viser studentens innsikt i skulens bruk av digitale verktøy med spesiell vekt på digital dømmekraft og klasseleiing. Vekting 50%.
- Arbeid som viser studentens innsikt i planlegging og bruk av digitale verktøy i undervisning og læring. Vekting 50%.
Karakterskala: A - F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått mappe, skal det leverast ei omarbeida mappe til ny eksamen i påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle tillate hjelpemiddel
Meir om hjelpemiddel