Hopp til innhald

MS1-325 Samhandling, tenesteutvikling og innovasjon

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet tar for seg ulike perspektiv på samhandling, tenesteutvikling og innovasjon. Emnet  belyser  korleis organisatoriske forhold og strukturer i velferdssamfunnet påverkar samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.  I innovasjons- og samskapingsprosessar vil tverrprofesjonalitetet og endringsleiing stå sentralt, og følgeleg vil emne fokusere på korleis ulike aktørar samproduserer kunnskap og tenester. Videre fokuserer emnet på etikk i innovasjons- og samskapingsprosessar der ulike interessentar inngår. Emnet vektlegg aktivt deltaking frå studentane der dei utviklar sjølvstendig evne til å analysere, identifisere og sette i verk tiltak for å utvikle, innovere og forbetre helse- og sosialtenester.  

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.   
  • har inngåande kunnskap om korleis organisatoriske og strukturelle forhold påvirker samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.
  • har avansert kunnskap om korleis maktforhold på ulike nivå påvirker samhandling, tenesteutvikling og innovasjon.
  • har avansert kunnskap om endringsledelse og fasilitering av samskapingsprosessar.  

Ferdigheiter:
Studenten...

  • kan kritiske vurdere behov for innovasjon og tenesteutvikling, skissere og sette i  verk relevante tiltak.
  • kan analysere og kritisk reflektere over aktuelle etiske problemstillinger i samskapingsprosessar der ulike interessenter inngår. 
  • kan bruke kunnskapar om fleirfagleg samarbeid på tvers av fag- og tenestegrenser for å betre tenestene og sette i verk innovasjon.    

Generell kompetanse:
Studenten...

  • kan bidra til nytenking rundt samskaping og samproduksjon i helse- og sosialtenesta for å oppnå reell  deltaking.  
  • kan analysere behovet for å sette i verk innovasjon og forbedring av tenester på individ og systemnivå. 
  • kan sette i verk forbetringsarbeid og innovasjon i helse- og sosialtenesten, 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, sjølvstudium, gruppearbeid, framlegg og diskusjon 

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitet må være godkjend før studentane kan fremstille seg til eksamen:

  1. Prosjektskisse i gruppe på ca. 2 sider 
  2. Gruppefremlegg og medstudentrespons gjennomført 

Vurderingsform

Oppgåve
Individuell oppgåve med eit omfang av 3500 ord +/- 10%.

Vurderingsuttrykk
Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.

Ny eksamen   
Ved ikkje bestått eksamen, skal studentane levere ein omarbeidd versjon av oppgåva til ny eksamen.