MS1-328 Prosjektplan
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar:
Korleis utforma eit masterprosjekt. Emnet gjev trening i å skildra-, leggja fram- og diskutera valt tema og relevant problemstilling innafor aktuelle fagfelt. Emnet legg vekt på samanhengen for korleis problemstillinga legg føringar for val av design og forskingsmetode. Emnet legger vidare vekt på innføring i søknadsprosessen til regionale komitear for forskingsetikk, Norsk senter for forskingsdata og personvernombodet.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- kan planleggja og utvikla eige forskingsprosjekt.
- har innsikt i moglege finansieringskjelder for helse- og sosialfagleg forsking.
- kan anvende etiske prinsipp og relevante etiske retningslinjer i eiga prosjektplan.
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan demonstrere logisk og systematisk tenking i temaa med relevans for eige forskingsprosjekt.
- kan beherska prosjektbeskrivingsformatet .
- kan anvende lovverket om personvern i forhold til prosjektutvikling, datasamling og datalagring.
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan diskutera utfordringar og strategiar ved bruk av ulike forskingstilnærmingar/metodar.
- kan vurdera forskingsarbeidets overføringsverdi/generaliserbarhet.
- kan gjera avvegingar om forskingsetiske spørsmål i helse- og sosialfagleg forsking .
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Bør ha gjennomført emnet MAMET1SF
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, sjølvstudium, vegleiing. Seminar med framlegg og diskusjon.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgende obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjente for at masterstudenten kan framstille seg til eksamen:
- Fylle ut søknad til Norsk senter for forskningsdata (NSD) og/eller De nasjonale forskningsetiske komiteer
- Deltaking på obligatoriske seminar
Dei obligatoriske læringsaktivitetane er gyldige i to påfølgjande semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Prosjektplan
Individuell eller i gruppe på to studentar. Studentar som skriv felles prosjektplan må også skriva felles mastergradsoppgåve. Oppgåva har eit omfang på inntil 3000 ord (3500 ord om ein skriv felles prosjektplan).
Det er utarbeida eigne retningslinjer for prosjektplanen tilgjengeleg på Canvas. Studenten(e) har krav på inntil tre individuelle/gruppe rettleiingstimar på prosjektplanen. Det gis i tillegg rettleiing i gruppar.
Vurderingsuttrykk
Bestått/ ikkje bestått.
Ny eksamen
Dersom eksamenen er vurdert til ikkje bestått, skal studentane levere ei bearbeida versjon av originalarbeidet til ny eksamen.