Hopp til innhald

NORU804-O Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og tekstmangfald

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Norsk 2 5-10 er eit regionalt vidareutdanningstilbod med studiestad Gol. Emnet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga. Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid går om hausten, og Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og teksmangfald går om våren. Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5.-10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk.

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.

Sentralt i dette emnet står språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon, sosiolektar og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom tekstlesing og tekstteori, der tekstane er henta frå ulike sjangrar og medium (skriftlege, munnlege og samansette tekstar; fiksjon- og fagtekstar). Emnet gir også djup innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit godt grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten har

  • omfattande kunnskap om relevante språkteoretiske og språkdidaktiske omgrep og perspektiv
  • god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag og har kjennskap til språkbruk og språkendring i dag
  • kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk og har kunnskap om andre nordiske språk, også samisk.
  • utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
  • omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og samansette tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for barn og unge
  • kunnskapar om samansette tekstar og historikken til og teoriar om desse
  • kunnskapar om retorikk i munnlege og skriftlege tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kunnskap om vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor norskdidaktisk forsking

 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæring i nynorsk og bokmål
  • leggje til rette for og gjennomføre undervisning for elevar med norsk som andrespråk
  • analysere, tolke og vurdere sakprosa og skjønnlitteratur for barn og unge i analoge og digitale medium
  • planlegge, gjennomføre og vurdere variert arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur frå ulike perspektiv og ulike formål
  • setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget, kan formulere relevante kriterium for vurdering og grunngi karakterane ein set
  • bruke og kan rettleie elevar i bruk av kjeldemateriale
  • vurdere læringsressursar kritisk
  • analysere relevant forsking, har gode ferdigheiter i akademisk skriving og kan analysere og formidle eit samansett fagstoff på ein overtydande måte
  • skrive korrekt bokmål og nynorsk

 

Generell kompetanse

Studenten kan

  • rettleie elevar i arbeidet med språkleg mangfald og tekstmangfald slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
  • vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • planleggje, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Norsk 1, 30 studiepoeng eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom undervisningsøktene. Studentane vil aktivt bruke og få kjennskap til ulike digitale samhandlingsformer ved å ta del i undervisinga og løyse oppgåver ved hjelp av digitale verktøy. Dette bidrar til å auka studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.

Ein sentral del av arbeidet vil vere knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.   

Organisering, samlingsbasert: Mykje av undervisninga er lagt til samlingane, men det vert også lagt til rette for fagleg samarbeid og erfaringsutveksling på samlingane. Kommunikasjon og aktivitet vil skje digitalt utanom samlingane.  

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane må levere/gjennomføre og få godkjent tre obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Tema for og form på arbeidskrava blir kunngjorde ved semesterstart. Dei skriftlege arbeidskrava skal vere på nynorsk.

Vurderingsform

  • Heimeeksamen over tre dagar, nynorsk, 50 %
  • Munnleg førebudd presentasjon, 50 %
  • Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel