PPUA302 Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Hovudtema i emnet er skulen i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Lærestoffet omfattar difor samarbeid med foreldre, nærmiljø, nærings- og arbeidsliv og andre instansar utanfor skulen. I tillegg kjem tema knytt til skuleutvikling og lærarar si kontinuerlege utvikling av eigen kompetanse.
Følgjande tematikk er løfta fram som felles for alle studiestadane
- Barn og unge i utsette livssituasjonar
- Medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet
- Berekraftig utvikling.
- Skuleutvikling og kompetanseutvikling
- Samiske forhold og samiske elevar sine rettar
- Organiseringsformer og læringsrom i og utanfor skulen
Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fag, pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Eit berande element i gjennomføringa av emnet er ei forskande tilnærming til læring. Det føreset ei forankring i forsking og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Læringsutbytte
Alle læringsutbytta frå rammeplanen vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:
Kunnskapar
Studenten:
- har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
- har kunnskap om korleis utvikle profesjonsfellesskap i skulen som organisasjon
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjoner, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.
Ferdigheiter
Studenten:
- kan leie og legge til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
- kan samhandle i eit profesjonsfellesskap
- kan identifisere og tilrettelegge for barn og unge som har særskilte behov, og kunne etablere tverrprofesjonelt samarbeid til barnet sitt beste.
Generell kompetanse
Studenten:
- kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
- kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaer og skulen si utvikling
- kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
PPUA301
Undervisnings- og læringsformer
Det er ikkje mogleg å lytte seg til å bli ein god lærar. Studiet gjer difor bruk av ei rekke studentaktive lærings- og arbeidsformer. Kva arbeidsformer som vert teke i bruk er til ei kvar tid avhengig av tema det vert arbeidd med. Emnet følger intensjonen i dei nasjonale retningslinene når det gjeld eksemplarisk undervisning.
Studentane vert inviterte til ei kontinuerleg vurdering av studieopplegget gjennom systematisk erfaringsutveksling med lærarar og medstudentar.
Det er obligatorisk oppmøte på læringsaktivitetar i studiet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal gjennomføre og få godkjent 4 arbeidskrav.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera godkjent for å få gå opp til eksamen.
Vurderingsform
- Del 1: Individuell skriftleg semesteroppgåve. 4500 ord +-10%. Karakteren tel 60% av endeleg karakter.
- Del 2: Munnleg eksamen, 40 minutt. På munnleg eksamen kan studenten få spørsmål frå emne PPUA301 og PPUA302. Karakteren tel 40% av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som er ikkje bestått takast opp att åleine.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel