RE6-2005 Utvikling og leiing av arrangement
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Events og MICEE segmentet er ein viktig del av reiselivsnæringa og kunnskap om dette samt utvikling og leiing av events er sentralt i dag. Å kunne utnytte lokale ressursar i produktutvikling på destinasjonen og tilby noko unikt vil vere eit viktig konkurransefortrinn i dagens marknad..
Dette emnet er praktisk orientert og skal gje kunnskap om dei ulike typar events som gjerne blir referert til i reiselivsnæringa, dvs. møter, kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer samt arrangement generelt.
Ved å ta del i utvikling og planlegging av eit arrangement skal studenten lære seg praktisk gjennomføring av arrangement.
Sentrale tema i emnet er:
- Kjenneteikn ved ulike events
- Trendar i marknaden
- Grunnleggjnde forståing om kurs, konferanse, kongressar, incentiv-reiser, utstilling og messer og arrangemeng
- Attraksjonskraft til eit event
- Organisering og leiing
- Tema, opplevingsverdi og konsept
- Frivllige og leiing av dei
- Sponsorar
- Marknasdsføring, PR og media
- Eigarskap og styring
- Økonomi
- Ringverknader
- Events i strategisk destinasjonsutvikling
- Evaluering
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten:
Kunnskap
- ha kunnskap til omgrepet Micee (meetings, incentives, conferences, events, exhibitions)og definere innhaldet i møter, kongress og konferanse, arrangement, utstilling/messer og incentiv reiser og kva som kjenneteiknar desse
- ha kunnskap kring marknaden for Micee både i eit globalt perspektiv og nasjonalt
- ha kunnskap om møter og arrangement si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
- ha kunnskap om korleis ein planlegg og utviklar events
Ferdigheiter:
- kunne planlegge og utvikle eit event fra ide til evaluering
- Generell kompetanse_
- Kandidaten kan finne, bruke og vise til relevant informasjon og fagstoff om events og framstille det slik at det løyser ei problemstilling
- Lære samanhengen mellom berekraftig reiseliv og events
- Reflektere over rolla til arrangement i eit destinasjonsperspektiv
- Reflektere over rolla til arrangement i eit bedriftsperspektiv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
RE6-1000 reiselivskunnskap
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, gruppeoppgåver og seminar med meir
Obligatorisk læringsaktivitet
1 arbeidskrav: Arbeide med å utvikle og planlegge eit event på skulen med ca 20 -30 timar per student
Vurderingsform
Skriftleg heimeeksamen i gruppe, ei veke, 100%.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel