RUT801 Rektorutdanning - utdanningsleiing
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Studiet er på masternivå og har eit innhald som er bygd opp rundt følgjande temaområde:
- Elevane sitt læringsmiljø, analysere og bruke ulike typer data for å utvikle skulen
- Utvikling av profesjonsfellesskap, leiing, samarbeid og læring, tilbakemeldingar og systemisk arbeid
- Styring og administrasjon, systemkunnskap, handlingsrom og styringsrett til leiarar
- Utvikling og endring, leiing av innovasjons- og endringsprosessar
- Eiga leiarrolle og samspel med andre
Læringsutbytte
Rektorutdanninga skal gi god rolleforståing av leiing og det å leie skoler, den skal gi kompetanse i å leie skoleutvikling og gi eit grunnlag for vidare læring og utvikling som leiar.
Eit sentralt element er at opplæringa skal føre til at alle i skoleorganisasjonen opplever læring og utvikling saman. Utdanningen skal føre til reell endring i skolen, noko som vil bety å utvikle kunnskap om kultur og endring i skolen. Dette betyr at utdanninga skal utfordre synet på leiing, og korleis leiing kan utøvast når alle skal bidra til at læring og utvikling blir ein kollektiv profesjonsutviklingsprosess i skolen. Vidare vil studiet bidra til å styrke leiarkometansen til studentane, som grunnlag for å utvikle ein skule som søker å ta vare på interesser, rettar og behov til elevar, foreldre, lærarar og samfunnet.
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om ulike teoriar om leiing og korleis krav og forventningar til leiarar og medarbeidarar varierer med val av perspektiv
- har kunnskap om leiing på ulike nivå og i ulike funksjonar
- har kunnskap om lov og rett, administrasjon og styring
- har kunnskap om kommunikasjon og konflikthandtering
- har kunnskap om skulekultur og om skulen som lærande organisasjon og lærande system
- har kunnskap om leiing av endringsprosessar og kvalitetestenking
- har kunnskap om utdanningssystem i Norge og i andre land
- har kunnskap om korleis ein kan vidareutvikle seg som leiar, og om etisk og klokt leiarskap
- har kunnskap om profesjonsutvikling i skolen
Ferdigheiter
Studenten
- kan identifisere og reflektere over sterke og svake sider ved seg sjølv som leiar, og arbeide vidare med utfordringar som ein står ovanfor som leiar i skolen
- kan analysere og reflektere over eigen leiingspraksis i lys av intersubjektive diskursar
- kan planlegge, reflektere og grunngje val av leiingspraksis
- kan planlegge, reflektere og grunngje korleis ein leier gjennom relasjonsbygging, struktur, reglar og rutinar, tydelege forventningar og motivering
- kan forhalde seg til kriser og konfliktar på ein konstruktiv og relasjonsfremmande måte
- kan bruke kvalitetsverktøy til analyse og utvikling av læringsaktivitetar
- kan nytte ulike leiarutviklingsverktøy og reflektere over sterke og svake sider ved desse
- kan leie profesjonsutvikling i skolen
Generell kompetanse
Studenten
- har ei bevisst haldning til god sjølvinnsikt og etisk merksemd retta mot eigne handlingar som leiar
- har refleksiv haldning til forholdet mellom lærar- og leiaridentitetar
- har ei bevisst haldning til korleis skape kollektive læringsprosessar
- har ei pådrivarrolle i høve til systematisk og målretta utvikling av ein god skule på elev-, kollega- og organisasjonsnivå
- har evne til å analysere skolen sine utfordringar og evne til å planlegge nye tiltak i eit samfunns- og organisasjonsperspektiv
- har evne til å identifisere og forholde seg på ein reflektert måte til etiske utfordringar i mellommenneskelege relasjonar
- har innsikt i korleis arbeid med forhold som skaper motstand, krise og konfliktar i yrkessamanheng
Krav til forkunnskapar
Lærarutdanning eller minimum 180 studiepoeng høgare utdanning.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er erfaringsbasert og praksisnært i meininga at undervisning blir nært knytt til daglege oppgåver og funksjonar. Nett- og samlingsbasert tilbod med 7 samlingar på 2 eller 3 dagar. Forelesingar, øvingar og arbeid i basisgrupper med praktiske case og tekstar støtta av ein fagleg rettleiar. Mellom samlingane: nettbaserte oppgåver og nettbasert kommunikasjon mellom fagleg rettleiarar og deltakarane. Eigen yrkespraksis skal være utgangspunkt for arbeid i studiet, som utprøvingsarena og grunnlag for skriving av tekst til sluttvurdering.
Vurdering vert ein tekst om utviklingsarbeid på eigen skole. Studenten skal arbeide med eksamensteksten gjennom heile studiet, og i teksten skal studenten synleggjere eigen utvikling og kompetanse i å leie endrings- og utviklingsprosessar i eigen organisasjon.
Eksamensteksten skal inneholde presentasjon og analyse av eit lokalt utviklingsprosjekt som studenten har ansvar for å leie gjennom studiet. Utprøving av metodar, gjennomføring, resultat mm dannar det empiriske grunnlaget for teksten. I oppgåva skal fokuset vere på lokal fagleg utvikling og praksisendring, og ein viktig del av arbeidet med teksten er å kartlegge, analysere og forstå samanhengen mellom mål og tiltak når overordna ide er kvalitetsutvikling. Teksten skal handle om korleis skoleleiarane arbeider med eigen og profesjonsfellesskapet sin faglege utvikling.
Ytterlegare presisering av eksamensoppgåva kjem ved studiestart.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det skal gjennomførast og leverast fem individuelle arbeidskrav i tilknyting til samlingane, knytt til tema og eigen praksis. Konkretisering av arbeidskrav kjem ved studiestart.
Arbeidskrava må vere godkjente for at studenten skal kunne melde seg opp til eksamen.
Vurderingsform
Mappeeksamen.
Karakter: Bestått/ikke bestått
Ved stryk på mappeeksamen leverer studenten omarbeidd tekst ved påfølgende semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel