SA572 Barndommens og ungdommens historie
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Dette emnet tar for seg oppvekstkåra for barn og unge i ulike historiske periodar, gjennom å sjå på endringar i familieliv, oppseding og skule, arbeid og fritid. Samstundes handlar emnet òg om ulike syn på barn og unge - korleis har dei endra seg over tid, og korleis har dei påverka dei sosiale normene og politiske tiltaka retta mot barn og ungdom? Tilnærminga er tverrfagleg, med forelesarar og pensum frå ulike spesialiteter og fagfelt.
Hovudvekta i pensum er på utviklinga i den vestlege verda, frå antikken via mellomalderen og tidleg nytid heilt fram til dei moderne samfunna og vår eiga tid. I tillegg vil det bli gitt døme på barn og unge sine erfaringar i andre kulturkrinsar. Ein eigen tematisk bolk tar for seg utviklinga av ein moderne ungdomskultur i Noreg.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført studium skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Studenten...
- har brei kunnskap om livssituasjonen til barn og ungdom i ulike periodar og kulturar
- kan greie ut om likskapar og skilnader i synet på barn og ungdom i antikken, mellomalderen og i moderne tid
- kan gi døme på likskaper og skilnader mellom vestlige og ikkje-vestlige perspektiv på barn og unge
Studenten...
- kan drøfte ulike syn på den moderne barndommens framvekst og karakter
- kan gje ein individuell skriftleg presentasjon av ei problemstilling
- kan vurdere eige arbeid/prestasjonar
Studenten...
- kan skrive tekstar om faglege tema etter definerte vitskaplege kriterium
- kan nytte historiske teoriar til å tolke og forstå endringar over tid
- kan nytte digitale verkty og ressursar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Campusstudentar: Sjølvstudium, førelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.
Nettstudentar: Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, skriftlege innleveringar, rettleiing, studentstyrte kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal skrive ei oppgåve med omfang på 800 - 1000 ord.
Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Heimeeksamen, individuell (5 timar)
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel