SA593 Frå ung til vaksen: Skule, arbeid, media, politikk
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei grunnleggjande forståing av kjenneteikn ved og endringar i sentrale sosialiseringsinstitusjonar/-arenaer som utdanningsinstitusjonen, arbeidsliv, media og politikk. Tilhøvet mellom endringar i slike institusjonar og nye ungdomsroller og identitetar er sentralt - mellom anna tesen om auka individualisering. Merksemda vert retta særleg mot kjønns- og klassebaserte identitetar og livssjansar. Endringane i utdanningsinstitusjonen og kva konsekvensar desse har for identitetsforming og sosial mobilitet er sentrale problemstillingar. Emnet tek også opp media si rolle som formidlar og skapar av nye identitetar og livsstilar, og som iscenesetjar av uro kring ungdoms livsstil og veremåte. Slik følgjer ein opp problemstillingar frå emnet (SA595) Innføring i ungdomssosiologi. Emnet gjev også ei innføring i fagdidaktiske problemstillingar i form av refleksjon over den særeigne sosiologiske tilnærminga til utdanningsinstitusjonane.
Læringsutbytte
Etter fullført emne:
Kunnskapar
- har studenten kunnskap om grunntrekk ved og samanhengar mellom dei sentrale sosialiseringinstitusjonane utdanning, arbeid, media og politikk i høve identitet og livssjansar
- har studenten kunnskap om korleis samhandlinga innan og mellom viktige sosialiseringsinstitusjonar medverkar til både sosial inkludering og ekskludering
- kjenner studenten til skildringar og analysar av korleis unge kvalifiserer seg til vaksenlivet, og kva for nye vilkår og barrierar som har komme til dei siste tiåra
Ferdigheiter
- kan studenten bruke kunnskap om ungdom i skulen, familien og fritida til å utarbeide gode problemstillingar om korleis samtida legg rammer for liva til nye generasjonar
- kan studenten finne vurdere og vise til fagleg relevante tekstar, og leggje fram kortfatta skriftlege arbeid som byggjer på slike ferdigheiter
Generell kompetanse
- kan studenten formidle ungdomssosiologisk kunnskap og delta i ordskiftet der ungdom er tema
- kan studenten frå ein ungdomssosiologisk synsstad utveksle synspunkt på nytten og verdien av politiske tiltak retta mot skulen, familien og arbeidslivet
- har studenten innsikt i institusjonaliseringsprosessar
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, gruppearbeid og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Munnleg eksamen. Sensorane har høve til å stille spørsmål frå alt pensum. Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel