Hopp til innhald

SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

I dette emnet er hovudfokus planlegging, drift og utvikling av arbeidseiningar i helse- og velferdssektoren. Med utgangspunkt i systemiske og læringsteoretiske perspektiv går emnet inn på konkrete utfordringar studentane kan møte som leiarar. Sentralt står leiar si tilrettelegging for kollektiv problemløysing og kollektivt utviklings- og forbetringsarbeid.

Læringsutbytte

Kunnskap

 

  • Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert viten om kvalitetsforbetring skal studenten ha inngåande kunnskap om:
    • Teori om læring og kunnskapsutvikling på individ-, gruppe- og organisasjonsplan
    • Førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt
    • Korleis samfunnet si utvikling, rammevilkår, fagleg utvikling og tilhøve ved tenesta påverkar kvaliteten
    • System, metode og verktøy for forbetring av kvalitet

 

Ferdigheiter:

  • Med bakgrunn i sentrale teoriar, modellar og forskingsbasert viten om kvalitetsforbetring skal studenten: 
    • Kunne bruke læringsteori for å analysere eit kvalitetsforbetringsarbeid
    • Kunne bruke relevant kunnskap og avanserte analyseverktøy for å avdekke og forstå kvalitetsproblem i tenesta
    • Kunne bruke relevant kunnskap og innøvde ferdigheiter til å planleggje, utføre og evaluere eit forbetringsarbeid

 

Generell kompetanse

  • Kunne bidra til og setje i gang systematisk kvalitetsforbetring i tenesta ved hjelp av tileigna kunnskap og ferdigheter.
  • Kunne vidareformidle kunnskapar og ferdigheiter om forbetringsarbeid i eigen organisasjon.

Krav til forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og gruppearbeid med case.

Individuell rettleiing i utarbeiding av tekst som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.

Obligatorisk læringsaktivitet

Arbeidskrav 2 i studieplan : 4 korte refleksjonsnotat (800 - 1200 ord for kvart notat) utarbeidde mellom samlingane.¤ korte

Vurderingsform

Mappe som inneheld eitt arbeid

Individuell utarbeidd tekst (ca 4000 ord) som handlar om leiing og utviklingsprosessar/forbetringsarbeid på eigen arbeidsplass.

Nærare informasjon om oppgåva vert gitt på samlingane.

 Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar. Vurdering ut frå gitte kriteriar for oppgåva.

 

Bokstavkarakter A - F der F er "ikkje greidd".

 

Ved stryk kan studenten levere ein omarbeidd tekst til ny vurdering i påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel