SA6-502 Helse- og velferdspolitikk
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje innsikt og forståing for helse- og velferdspolitiske spørsmål og utfordringar i lys av politiske føringar og reformer for helse- og velferdsfeltet. Emnet gir ei innføring i politikk, kommunen si rolle i politikken, kva skil politikaren frå den faglege eksperten. Emnet omhandlar vidare spørsmål knytt til velferdsstat og velferdssamfunn og sentrale reformer innan det helse- og velferdspolitiske feltet. Ein går også inn på profesjonane i velferdsstaten, samhandling og samarbeid mellom sektorar og ulike forvaltningsnivå, sosial innovasjon., samt leiarrolla, profesjonsrolla og brukarrolla i kontekstar i endring.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
- ha generell kunnskap om politikk, politikkutforming og iverksetjing av offentleg politikk
- ha inngåande kunnskap om velferdsstaten si historie og utvikling
- ha kunnskap om bakgrunn og ideologi for større reformer innan helse- og velferdssektor, og korleis desse set retning for utforming og utvikling av helse- og velferdstenester på grasrotplan i organisasjonen
- ha kunnskap om samhandlings- og samarbeidsutfordringar mellom tenester på same nivå, og mellom ulike forvaltningsnivå, og kva som skaper slike utfordringar
- ha avansert kunnskap om profesjonsrolla, leiarrolla og brukarrolla i endra kontekstar i helse- og velferdssektor
Ferdighet:
- kunne analysere sentrale reformer og utviklingstrekk i helse- og velferdssektoren, og kunne drøfte korleis desse påverkar konteksten for leiing, profesjonsutøving, samt samhandling med brukar
- kunne gjennomføre eit sjølvstendig teoretisk arbeid på ei bruksretta problemstilling
Generell kompetanse:
- ha inngåande kompetanse i forstå og analysere helse- og velferdspolitikk som ramme for dagleg praksis knytt til leiing, innovasjon og profesjonsutøving, samt kunne reflektere over endringsutfordringar for sektoren generelt og for dagleg drift i eigen organisasjon spesielt.
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesning, gruppearbeid. Rettleiing av tekst til mappevurdering (del 1 i mappa).
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 5a i studieplanen: Tre korte notat (800 - 1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.
Arbeidskrav nr. 5b i studieplanen: Arbeide i gruppe med felles artikkel, og presentere i plenum på artikkelseminar
Arbeidskrav nr. 5a og 5b må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Ved oppstart blir det gitt nærare informasjon om innhald og krav til arbeidskravet.
Vurderingsform
Mappe som innheld to arbeid:
1. Oppgåve som handlar om helse- og velferdspolitiske spørsmål eller utfordringar, og der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper på inntil to studentar. Ved individuell oppgåveløysing er omfanget 4000 ord. Dersom to skriv oppgåve i lag, er omfanget 6000 ord.
2. Individuell utforma tekst som drøftar eigen læringsprosess gjennom studiet generelt med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 1a i studieplanen og for SA6-502 Helse- velferdspolitikk spesielt med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 5a. Omfang inntil 2400 ord.
Ved oppstart av emnet vil det bli gitt nærare informasjon om krav til dei to arbeida i mappa.
Bokstavkarakter A - F, der F er "ikkje greidd".
Ved stryk kan omarbeidd tekst bli levert inn til ny vurdering i påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel