SAB120 Sosialt arbeid som fag og profesjon
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
I dette emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om sosialt arbeid og sosiale problem, og korleis sosiale problem kan oppstå og prege kvardagen til brukarar.
Studentane får møte profesjonsutøvarar og brukarorganisasjonar for å få kjennskap til både profesjon, og praksisfelt og brukarane si oppleving av velferdstenestene.
Studentane skal reflektere over eiga rolle og kunnskapsbehov, og arbeide i grupper. Studentane skal få innføring i grunnleggjande kommunikasjon.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha fylgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten…
- kjenner til sosialt arbeid sitt teorigrunnlag og metodar som rettar seg mot individ, familiar, grupper og samfunn.
- har kunnskap om fagområdet sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
- kjenner til teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid.
- kjenner til kunnskap om korleis sosiale problem oppstår og utviklar seg i ein samfunnsmessig samanheng.
Ferdigheiter:
Studenten…
- kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
- kan meistre grunnleggande ferdigheitar i kommunikasjon.
Generell kompetanse:
Studenten…
- kjenner til menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid
- kjenner til menneske sine ulike utgangspunkt og sårbarheit, verdiar og levemåte
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
I dette emnet vert studentaktive arbeidsformer vektlagd. Det vært nytta studentaktive læringsformer i form av litteraturstudium, førelesningar, praksisbesøk, ferdigheitstrening i oppgåveskriving, individuelt arbeid og gruppearbeid, tileigne seg ulike teoretiske referanserammer for korleis forstå sosiale problem og sosialt arbeid som profesjon. Undervisningen kan foregå både ved fysisk oppmøte og gjennom digitale plattformer.
Obligatorisk læringsaktivitet
Deltakelse i forberedelser, gjennomføring av og bearbeiding av intervju som forberedelse til eksamen.
Vurderingsform
Muntlig eksamen
Gruppefremlegg fra intervju med praksisfeltet. Varighet ca 30 - 40 minutter pr gruppe.
Vurderingsuttrykk
Bestått / ikke bestått
Tid for eksamen, sjå Studentweb.
Ny eksamen
Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen..