SK151 Sjukepleiaren sitt ansvar i kvalitetsutvikling og forsking
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emne går over 3 semester.
Dei ulike tema i emnet er:
2. semester (heiltid/deltid)
- Introduksjon til vitskapsfilosofi
- Kunnskapsformer og vitskapsteoretiske retningar i helse- og sosialfag
- Akademiske krav til skriftleg tekst
3. og 4. semester (heiltid) / 4. semester (deltid)
- Vitskapsteori som grunnlag for forsking
- Kunnskapsbasert praksis; omgrep, prosess og implementering
- Generelle krav til spørsmålsformulering
- Forskingsprosessen
- Forskingsetikk
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:
Kunnskap:
Studenten
- har kunnskap om vitskapsteori og forskingsmetode
Ferdigheiter:
Studenten
- kan utforme ein kortare akademisk tekst
- kan gjennomføre systematisk litteratursøk
Generell kompetanse:
Studenten
- kan nytte oppgåvetekniske og etiske retningslinjer ved skriftlege studentarbeid
- kan vurdere og nytte forsking for å belyse ei problemstilling
- har kjennskap til forskingsetiske problemstillingar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Gruppearbeid
- Sjølvstudium
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
2. semester:
- Frammøte på undervisning om vitskapsfilosofi og vitskapsteori
- Frammøte på undervisning om akademisk skriving
Vurderingsform
Heimeeksamen i gruppe. Vurderast til greidd/ikkje greidd.