SK162 Sjukepleie ved somatisk sjukdom og skade
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet er knytt til sjukepleie ved somatisk sjukdom og skade hos pasientar i sjukehus.
Dei ulike tema i emnet er:
- sosiologiske perspektiv på sjukdom, ulikskap i helse og helsetenester, identitet, roller og makt
- etiske problemstillingar i klinisk sjukepleie
- sjukepleieprosess og sjukepleiedokumentasjon i sjukehus
Sjukepleie i høve:
- barn på sjukehus
- reumatologiske sjukdommar
- palliativ omsorg
- kreft
- nevrologiske sjukdommar
- kardiovaskulære sjukdommar
- lungesjukdommar
- ernæringsproblem
- sjukdommar i fordøyingssystemet
- gynekologiske sjukdommar
- sjukdommar i nyre- og urinvegar
- øyre-, nase-, halssjukdommar
- pre-, per-, postoperativ pleie
- sjukdommar og skade i rørsleapparatet
- smerter
- ulike typar sår
- endokrine sjukdommar
- stress/krise og meistring av sjukdom
- undervisning og rettleiing
Førstehjelp
- basal og avansert hjarte-/lungeredning
- akutte medisinske tilstander
Læringsutbytte
Etter fullført emne har/kan studenten:
Kunnskap
- har kunnskapar om aktuelle observasjonar og sjukepleietiltak ved ulike sjukdommar og skade
- har kunnskap om sjukehus som organisasjon
- har kunnskap om sjukepleiaren sitt leiaransvar i ei sjukehusavdeling
- har kunnskap om tverrprofesjonelt og tverretatleg arbeid
Ferdighet
- kan vurdere og gjere greie for aktuelle observasjonar og sjukepleietiltak ved ulike sjukdommar og skade
- kan nytte sjukepleieprosessen som metode
- kan nytte sosiologisk kunnskap for å forstå sjukdom og helse i eit samfunnsperspektiv, forstå åtferd og samarbeid i institusjon og arbeidsplass i eit individ og organisasjonsperspektiv
Generell kompetanse
- kan planlegge og gjennomføre undervisning etter pedagogiske prinsipp
Krav til forkunnskapar
Emna SK 160, SK 161,SK 199, SK 169, SK 170 må vere greidd før start i emne SK 162
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- førelesingar
- seminar med og utan rettleiing
- praktiske øvingar
- oppgåveløysing individuelt og i grupper
- sjølvstudium
- delar av emnet kan bli undervist på engelsk
- munnleg framlegg
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:
- delta på obligatoriske førelesingar. Dette vil gå fram av timeplanen.
- førebuing og deltaking på seminar i gruppe i sosiologi med innlevering av skriftleg gruppearbeid
- førebuing og deltaking på seminar i gruppe i medisinsk sjukepleie med innlevering av individuelt skriftleg arbeid (ikkje for deltidskull)
- førebuing og deltaking på seminar i gruppe i kirurgisk sjukepleie med innlevering av skriftleg gruppearbeid
- førebuing og deltaking på seminar i gruppe i tema kreftsjukepleie
- delta på framlegg
- undervisning og øving i sjukepleiesenteret (4 samlingar)
Vurderingsform
Skuleeksamen - 5 timar. Individuell.
Bokstavkarakter, A-F.