Hopp til innhald

SO202 Kapitalisme og makt

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhold og oppbygning

I vår tid står kapitalisme fram som fullstendig dominerande globalt økonomisk system. Tiltanden er så gjennomgripande at det særleg for dagens unge i vesten kan vere ei utfordring å setje omgrep på fenomenet. Utan tydelege alternativ å halde dette systemet opp mot, blir det ofte tatt for gitt, og refleksjonen over korleis "kapitalisme" innverkar på leve- og tenkemåtar kjem til kort.

Emnet drar fram kapitalismens historie, utviklingstrekk og sentrale aktørar, og det tematiserer samanhengar mellom kapitalisme, makt og modernitet. Korleis nedfeller samspelet seg i utdanning, arbeid og allmennkultur? Emnet har som hovudspørsmål kven som har  hatt makt i kapitalismens historie, kven som har det no (amerikanske/ multinasjonale IT- selskap?), kva som er grunnlaget for makta, og i kva grad makt er knytt til konkrete historiske aktørar, grupper, nasjonar, eller om det er meir rimeleg å peike på «flytande», diskursiv makt. Emnet drøftar også forholdet mellom kapitalisme og «personleg karakter» (i tradisjonen frå m.a. Sennet), kapitalisme og kjensler, nære relasjonar, berekraft og «grøn» motmakt, og sjølvsagt vilkåra for gruppedanning og kollektive identitetar.

Emnet krev ei allmenn og generaliserande tilnærming, der hovudtrekk ved kapitalistisk makt blir løfta fram i ein kontekst av "vestens" kultur og institusjonar. Men det vil også få fram at særtrekk ved nasjonar og regionar gir kapitalismen mange andlet. Samanlikningar mellom konkrete samfunn (frå "det europeiske" til norske "nord- vestlandske") vil nyansere biletet av kva kapitalisme er, og også gi ein bakgrunn til forståinga av dette økonomiske systemets overlevingsevne. 

Læringsutbytte

Etter fullført emne har kandidaten tileigna seg

Kunnskapar

- kunnskap om kapitalismens historie og sentrale aktørar.

- kunnskap om kva sosial makt er, og korleis sosiologien omgrepsfestar og analyserer makt. 

- kunnskap om korleis vestleg kapitalisme har gitt form til moderniteten; institusjonelt, kulturelt og i samhandlingsformer. 

- kunnskap om konkrete, historisk betinga kapitalistiske samfunn, og forskjellar mellom desse. 

Ferdigheiter

- Forståing av betydninga av samfunnsøkonomiske system, samspelet mellom institusjonar i slike system, og maktformene som oppstår i kjølvatnet av dei.

- Evne til å analysere forskjellar mellom samfunn som alle er "kapitalistiske", men som er forma av særeigen historie og kultur.

- Dugleik i klar formidling av kapitalismens særdrag, verkemåtar, tilpassingsformer og endringar. 

Generell kompetanse

- Kunne tolke dagsaktuelle hendingar i lys av ei forståing av kapitalisme og makt.

- Delta i ordskifte om omstilling, berekraftig innovasjon og arbeidstakarkompetanse med grunnlag i kunnskap frå emnet

- Kjenne att eldre og nyare aktørar i kapitalistisk samfunnsendring, og medverke til samfunnets refleksjon over eiga utvikling. 

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

SO103 og SO104 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, gruppearbeid

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Heimeeksamen 7 dagar. Bokstavkarakter A - F, der F er ikkje greidd. . 

Hjelpemidler ved eksamen

Ingen

Mer om hjelpemidler