VEIY801 Rettleiing i yrkesfag
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet omhandlar grunnleggande kompetanse retta mot individuell rettleiing i yrkesfag. Aktuelle problemstillingar og utfordringar frå eigen arbeidspraksis står sentralt, samt refleksjon over erfaringar i rettleiing. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjonsbygging, kritisk tenking, refleksjon og etiske dilemma i rettleiing. Fagleg og personleg utvikling blir vektlagt i emnet. Emnet bidrar til utvikling av rettleiarkompetanse i eiga yrkesrolle som kan nyttast i ulike samanhengar på eigen arbeidsplass. Dette kan mellom anna handle om å legge til rette for læring og utvikling, for både elevar og kollegaer. Målgruppa for emnet er lærarar i yrkesfag eller andre med ansvar for elevar i yrkesfagleg opplæring.
Innhald
- Det pedagogiske grunnlaget for rettleiing
- Grunnleggande ferdigheiter i kommunikasjon i rettleiingssamtalar
- Fokus på individuelle rettleiingssamtalar
- Organisering av rettleiing med bl. a. planlegging, gjennomføring, vurdering av rettleiingssamtalar og struktur i dei ulike prosessane
- Fokus på rettleiaren som relasjonsbyggar og prosessleiar
- Etikk i rettleiing
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har
- Grunnleggande kunnskap om sentral empiri, teori, omgrep og ulike tradisjonar innan rettleiing
- Grunnleggande kunnskap om relasjon og kommunikasjon i eit rettleiingsperspektiv
- Har inngåande kunnskap om rolla som rettleiar og rettleiing
- Har kunnskap om etiske forhold i rettleiing
Ferdigheiter
Studenten har
- Grunnleggande ferdigheiter i å planlegge, gjennomføre og vurdere rettleiingsprosessar individuelt og innan egen profesjon
- Grunnleggande kommunikasjonsferdigheiter i rettleiing
- Grunnleggande ferdigheiter i relasjonsbygging og leiing av rettleiing
- Kan analysere og kritisk reflektere over rettleiing som pedagogisk verksemd
- Kan anvende ulike rettleiingsmodellar og metodar tilpassa behov/situasjonen
Generell kompetanse
Studenten har
- Grunnleggande kompetanse i rettleiing med særleg fokus på individuell rettleiing
- Grunnleggande kompetanse i rolla som rettleiar
- Kan nytte ulike metodar tilpassa ulike behov
- Kan kritisk reflektere, vurdere og grunngi eiga rettleiarrolle og konteksten for rettleiinga
- Kan identifisere og analysere utfordringar og etiske dilemma i rettleiing
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Studiet stiller krav om eigenaktivitet og arbeid i grupper. Studentaktive læringsformer blir vektlagt. Studenten blir utfordra til å bruke eigne erfaringar samt praksiskunnskapar inn i studiet. Praktiske øvingar, observasjon, tilbakemeldingar og refleksjon er sentralt i dette. Undervisninga er samlingsbasert med innslag av digitale læringsverktøy.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Utvikle skisse for eiga utvikling og mål som rettleiar. (Skissa kan sjåast i samanheng med arbeidskrav 2). Individulle skriftlege oppgåver. Omfang 600 - 800 ord.
- Gjennomføre to rettleiingsoppdrag i praksis og føre refleksjonslogg frå desse der studenten reflekterer over eige utvikling. (Ifht. individuell utviklingsskisse). Individuell oppgåve. Omfang 500 - 700 ord pr. logg.
- Obligatoriske læringsaktiviteter knytt til obligatorisk oppmøte.
Vurderingsform
Praktisk eksamen, varighet 1 time.
Karakterskala bestått/ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel