Hopp til innhald

VPD5-209 Helsefag

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane kunnskap og ferdigheiter i å yte forsvarleg helsehjelp til menneske i ulike livssituasjonar. Ferdigheiter i helsefaglege prosedyrar står sentralt. I tillegg får studentane kunnskap om forvaltning av pleie og omsorgstenester i kommunal sektor.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • har brei kunnskap om fysiske konsekvensar og endringar knytt til høg alder
  • har brei kunnskap om pleie og omsorgsbehov
  • har kunnskap om førebygging og behandling av helseproblem
  • har kunnskap om, og kan gjere greie for helsefaglege prosedyrar
  • har kunnskap om, og kan gjere greie for prinsipp i førstehjelp
  • har kunnskap om sentrale lover, reglar og sakshandsaming på helserettens område i kommunal sektor
  • kjenner til forsking- og utviklingsarbeid innan helsefaglege emne

Ferdigheiter:

  • kan beherske relevant fagleg og praktisk utstyr og tekniske hjelpemiddel
  • kan utføre helsefaglege prosedyrer
  • kan anvende fagleg kunnskap til å identifisere, vurdere, grunngje samt dokumentere behov for helsehjelp

Generell kompetanse:

  • kan formidle kunnskap om ulike sjukdommar og helseplager og kan vise både munnleg og skrifteleg korleis desse kan forståast og løysast
  • kan samarbeide med andre studentar og dele synspunkt, erfaringar og kunnskap frå helsefaglege tema

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første studieår må vere greidd for å kunne framstille seg til eksamen. 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen ut over de spesifikke forkunnskapane.

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisnings-og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening og bruk av digitale verktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studentane kan framstille seg til eksamen:

1: Minimum 80 % deltaking på kvar samling

2: obligatorisk deltaking i gruppe og helsefaglege prosedyrar

3: Praktisk test i helsefaglege prosedyrer

4: Arbeidskrav i jus

Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldige i tre påfølgjande semester.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen: omfang 3000 ord - varigheit fem dagar.

Vurderingsutrykk: 

A - F der F er ikkje greidd vurdering.

Ny eksamen:

Dersom kandidaten får karakteren F på heimeeksamen, må kandidaten gå opp til ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel