Hopp til innhald

VPD5-211 Vernepleiaren som miljøarbeidar

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet handlar om kunnskap og ferdigheiter i arbeid med personar med kognitive vanskar. Det vert særleg vektlagt at studenten skal øve seg i å arbeide kunnskapsbasert, samt få innføring og trening i å anvende ulike metodar som kan nyttast i miljøterapeutisk arbeid.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal kandidaten ha:

Kunnskap :

  • kunnskap om etiske teoriar og refleksjonsprosessen
  • kunnskap om metodiske tilnærmingar i miljøarbeid, som grunnlag for systematisk arbeid saman med tenestemottakar
  • kunnskap om kva som hemmar og fremjar sjølvbestemmelse, samt kan gjere greie for sentrale problem knytt til samtykke-kompetanse
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid kring funksjonshemming, og kan oppdatera sin eigen kunnskap
  • kjenner til velferdsteknologi for tenestemottakarar

Ferdigheiter:

  • har evne til etisk refleksjon
  • kan kommunisere med personar med nedsette kommunikasjonsferdigheiter
  • kan bidra til deltaking, sjølvråderett og personleg vekst for personar med kognitiv svikt
  • kan etablere likeverdig kommunikasjon og samspel prega av respekt og empati
  • kan planlegga og gjennomføra sosiale aktivtetar og bevegelse åleine eller som medlem i ei gruppe
  • kan planlegga faglege tiltak som fremjar tenestemottakarar sine mål
  • kan søka og vurdera informasjon og fagstoff, slik at dette er relevant for ei fagleg problemstilling i miljøterapeutisk arbeid

Generell kompetanse:

  • kan arbeide kunnskapsbasert, identifisere behov, gjennomføre og evaluere intervensjon av miljø som har normale levekår som mål, og er i samsvar med tenestemottakar sine ønskjer og behov
  • kan utveksla synspunkt, erfaringar  samt formidla fagstoff om relevante faglege problemstillingar, både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Alle emner frå første studieår må vere greidd.

Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i VPD5-209 Helsefag og bestått VPD5-210 Praksisopplæring innan helsefagleg arbeid.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen ut over spesifikke forkunnskapar

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisnings-og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening og bruk av digitale læringsverktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1. Obligatorisk læringsaktivitet med ein skriftleg og ein munnleg del.

2. Minimum 80% obligatorisk deltaking på kvar samling

 

Obligatoriske læringsaktivitetar er godkjende i 3 påfølgjande semester

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen.

Vurderingsutrykk:

A - F der F er ikkje greidd vurdering

Ny eksamen:

Går føre seg som ordinær eksamen. 

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel