VPL5-308 Profesjonsutøving vernepleie
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Felles med bachelor i barnevern og sosialt arbeid får studentane undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og etikk. Denne delen inneheld kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske retningar og metodar for innsamling og analyse av data. Det vert undervist om forskingsprosessen med referanse til høvesvis kvalitative og kvantitative metodar. Det blir lagt vekt på å vise korleis ein kan forstå og vurdere forskingsresultat og omtale av slike som ein finn i faglitteratur. I etikk får studentane innføring i etisk teori og etisk analyse av helse- og sosialfaglege situasjonar. Faget vektlegg etisk deliberasjon med utgangspunkt i moderne utgåver av klassiske posisjonar i normativ etisk teori. TPS (Tverrprofesjonell samarbeidslæring): Fleirfagleg samarbeid, felles for lærerutdanninga og bachelorutdanningane for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie. Tema: Barn i utsette livssituasjonar.
Emnet tek i tillegg føre seg fagområder som ikkje er dekka tidlegare i utdanninga, eller som treng vidare utdjuping.
Utdanninga byggjer på kunnskap frå mange fagområder og det er eit sentralt mål gjennom studiet å kunne nytta kunnskap frå dei ulike faga i arbeid med menneske med ulike funksjonsvanskar. I dette emnet føreset ein at studentane tek med seg og kan anvende kunnskapar frå tidlegare emne gjennom heile studieløpet.
Læringsutbytte
Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
Kunnskap:
- kunnskap om forskingsprosessen
- kjennskap til forskingsetiske retningslinjer
- kunnskap om sentrale posisjonar i vitskapsteoretisk refleksjon
Ferdigheit:
- kunne identifisere truslar mot etiske grunnverdiar, og reflektere over væremåtar i lys av sosialfagprofesjonen sine krav til framtoning og etisk forsvarleg handling
Generell kompetanse:
- kan vurdere det metodiske grunnlaget i kvalitativ og kvantitativ forskning
Studiespesifikke læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten
Kunnskap:
- brei kunnskap om miljøterapeutiske prinsipp i arbeid med personar med samansette og langvarige behov for tenester.
- kunnskap om sakshandsaming og aktuelle lovar innan helse og omsorg
- brei kunnskap om risikofaktorar og samfunnsskapte barrierar for menneske med funksjonsnedsettingar.
- kjenner til innhald og tilbod frå spesialistenester til personar med nedsett funksjonevne
Ferdigheiter:
- kan anvende etisk teori og analyse som refleksjonsgrunnlag for handtering av helse- og sosialfaglege utfordringar
- kan anvende juridisk og vernepleiefagleg kunnskap og skjønn i praktiske problemstillingar i sakshandsaming.
- kan reflektere over etiske problemstillingar knytt til bruk av tvang.
- kan gjennomføre systematisk litteratursøk og finne fram til aktuell forskning og nytte denne i sitt arbeid.
- kan anvende teoretisk kunnskap for å identifisere problemområder, treffe grunngjevne val av fagleg forsvarlege tiltak, og evaluere desse.
Generell kompetanse:
- har innsikt i relevante vernepleiarfaglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan formidle sentralt fagstoff, både munnleg og skriftleg, og framstille det slik at det belyser ei problemstilling.
Krav til forkunnskapar
Alle emner frå første og andre studieåret og haustsemesteret tredje studieår må vere greidde før studenten kan framstille seg til eksamen.
Tilrådde forkunnskapar
Ikkje spesifisert
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstudium, førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, ferdigheits- og relasjonstrening, og digitale læringsverktøy.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
1. 80% deltaking i studentaktiv- og erfaringsbasert undervisning i følgjande tema:
- Tverrprofesjonell samarbeidslæring.
- Deltaking i planlegging og gjennomføring av aktivitetsdag.
Obligatoriske læringsaktivitetar er godkjende i 3 påfølgjande semester
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen som tek utgangspunkt i eit kasus. Det vert krevd at studentane kan anvende kunnskap frå tidlegare emne i studiet.
Vurderingsutrykk :
A - F der F er ikkje greidd vurdering
Ny eksamen:
Går som ordinær eksamen
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel