YFL810 Vurderingspraksis og læreplanforståing (del 2)
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Studiet rettar seg mot yrkesfaglærarar, og føremålet er å auke studentane sine ferdigheiter til å analyse og implementere læreplanverket og med særskilt fokus på vurderingsarbeid, og vidareutvikle vurderingskompetansen til studentane. Arbeidet med læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar, undervisnings- og vurderingspraksis og fagområde. Samstundes er det eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane. Hovudfokus vil vere å utvikle ei heilskapleg læreplanforståing og analysar som grunnlag for undervisning og tilrettelegging for læring i yrkesfaga. Læreplananalyse vil òg bli drøfta i samanheng med undervegsvurdering for vurdering for læring. Sentrale tema er Overordna del av læreplanverket, djupnelæring, tverrfaglege tema og kjerneelement i læreplanar i fag.
Tilbodet er delvis nettbasert med to samlingar og ei nettbasert samling.
Sentrale emne:
- Sentrale føringar i fagfornyinga/læreplanverket og implikasjonar for undervegs- og sluttvurdering
- Korleis analysere og arbeide med tema bærekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring på yrkesfaglege program
- Heilskapleg tilnærming til læreplanar og implikasjonar for didaktisk arbeid og vurdering for læring
- Arbeid med djupnelæring, kjerneelement, grunnleggjande ferdigheiter og tverrfaglege tema på yrkesfaglege program
- Fagspesifikke (yrkesfaglege) utfordringar knytt til vurdering
- Kompetansemål, kjenneteikn og kriterium for vurdering
- Utvikling av vurderingskultur i skulen
- Etiske omsyn og regelverk knytt til bruk av digitale læringsverktøy i skulen
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgende totale læringsutbytte:
Kunnskaper:
Studenten
- har kunnskap om læreplanverket i Fagfornyinga og korleis utvikle heilskapleg tilnærming til implementering av alle delar av læreplanverket
- har kunnskap om læreplananalyse og konsekvensar for undervegsvurdering
- har kunnskap om djupnelæring, sjølvregulert læring
- har kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter, tverrfaglege tema og kjerneelement i sine fagområde
- har kunnskap om elevmedverknad, læring og vurdering
Ferdigheter:
Studenten
- kan analysere og implementere læreplanverket i undervisninga
- kan arbeide med undervegsvurdering for å fremje elevane si læring
- kan arbeide med kompetansemål, kjenneteikn og kriterium for vurdering
Generell kompetanse:
Studenten
- kan utvikle heilskapleg tilnærming til læreplanar i sitt arbeid som lærar
- kan vere nytenkjande og innovativ og kunne dele kunnskap om heilskapleg læreplanarbeid og vurdering med kollegaer på eigen arbeidsplass
- kan korleis bidra til å vidareutvikle heilskapleg læreplanarbeid og vurderingskultur på eigen arbeidsplass
Krav til forkunnskapar
Dette emnet byggjer på Vurdering for læring 1, og med tematisk overlapp med emne Vurdering for læring og klasseleiing 2 på 20 % (2017-2019).
Undervisnings- og læringsformer
Studiet vekslar mellom fagleg formidling, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Innhald og arbeidsmåtar i studiet tek utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Mellom samlingane skal studentane prøve ut metodar og verktøy for læreplanarbeid og dei skal delta i digitale nettverksgrupper, der det vert drøfta utprøvingar av metodar og verktøy knytt til heilskapleg tilnærming til læreplanverket, og med særskilt fokus på vurdering for læring.
Studiet vektlegg studentaktive arbeids- læringsformer på alle samlingar. Studentane skal ta ei aktiv rolle i læringsprosessar i studiefellesskapet. Dette er ein føresetnad for gjennomføring av arbeidskrava i studiet.
Vi vektlegg utprøving og bruk av ulike digitale verktøy og varierte dokumentasjonsformer, som studentane kan bruke med sine elevar, og brukar Canvas som lærings‐ og undervisningsplattform i studiet. Studentane blir organisert i lokale nettverksgrupper som samarbeider om utprøving av verktøy og metodar og med nettstøtta rettleiing og oppfølging frå HVL.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre individuelle digitale dokumentasjonar av utprøving og gjennomføring av tema i utdanninga. Eitt av desse vil vere presentasjon av dei ulike arbeidskrava i studiet (utprøvingar i eigen praksis), etter siste samling og før avsluttande eksamen. Presentasjonen skal skje på eigen skule og der kollegium og skuleleiing blir invitert, med moglegheit for kunnskapsdeling og refleksjon. Målet er erfaringsdeling på eigen arbeidsplass.
Delta i tre samlingar i lokale nettverksgrupper
Arbeidskrava er obligatoriske arbeid som må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
Munnleg presentasjon i gruppe med utgangspunkt i dokumentasjon av eiga utprøving i praksis på eksamenskonferanse på campus
Karakter: greidd/ ikkje greidd
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel