BØ6-2007 Vidaregåande finansrekneskap
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Vidaregåande finansrekneskap bygger på studentane sin kunnskap frå tidligare rekneskapskurs, men tek i større grad utgangspunkt i grunnleggande teori og trekker samstundes praralellar mellom norsk rekneskapsregulering og IFRS regelverket. Emne gir og ei innføring i konsernrekneskap samt god rekneskapsskikk for ideelle organisasjonar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten skal ved fullføring
- ha forståing for og kan reflektere over brukergruppene sine informasjonbehov og behov for rekneskapsregulering
- ha forståing for og kunne reflektere over det teoretiske grunnlaget for dei grunnleggande rekneskapsprinsippa og god rekneskapsskikk
- ha forståing for og kan reflektere over resultat- og balanseorientering
- ha kunnskap om det konseptuelle rammeverket til IFRS (International Financial Reporting Standards)
- kjenne til formålet med og hovudprinsippa ved utarbeiding av eit konsernrekneskap
- Kjenne til rekneskapsreglane for ideelle organisasjonar
Ferdigheiter
Studenten skal ved fullføring
- kunne handsame sentrale måle- og vurderingsproblem innan rekneskap
- kunne utarbeide eit enkelt konsernrekneskap med og utan minoritetsinteresser
- kunne rekne ut og forklare ulik rekneskapsmessig behandling mellom GRS og IFRS på gitte emne
Generell kompetanse
Studenten skal ved fullføring
- kunne tilleigne seg rekneskapsteoretisk kunnskap gjennom lesing av fagartiklar
- kunne utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar
- kunne nytte kunnskapen på praktiske rekneskapsproblemstillingar
- vere kjent med bakgrunnen for utviklingsarbeidet internasjonalt og kva konsekvensar det vil kunne ha for rekneskapsreguleringa i Noreg
Krav til forkunnskapar
BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
BØ6-2003 Årsrekneskap i praksis eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
To skriftlege arbeidskav som skal løysast individuelt eller i gruppe. Eit ikkje-godkjent arbeidskrav gir rett til eit nytt forsøk.
Arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar
Karakterskala: A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovlege hjelpemiddel:
- programmerbar kalkulator
- lovsamling eller utskrift frå lovdata
Fagleg overlapping
- BØ6-2000 - Finansrekneskap 2 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- ØKB3118 - Rekneskapsteori - Reduksjon: 6 studiepoeng