BVP5-311 Utvikling av positive læringsmiljø
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet er samansett av faga, pedagogikk og aktivitetsfag. Studenten skal gjennom aktivitetsfaga få kunnskap om korleis aktivitetsfaga: film, forteljing og digital produksjon, musikk, friluftsliv, gaming og kunst & håndverk har direkte relevans i barnevernsarbeid.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten...
- har kunnskap om korleis eit vald aktivitetsfag kan brukast i arbeid med utsette barn og unge
- har kunnskap om prinsippa for pedagogisk tilnærming til problematisk åtferd sett i eit relasjonelt perspektiv
- har kunnskap om lovgrunnlaget og prosedyrane for spesialpedagogisk hjelp i skulen
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan nytte relasjonelt perspektiv til å analysere ein pedagogisk situasjon og bruke denne som handlingskunnskap i direkte arbeid med barnet og ungdom
- kan bruke aktivitetar som middel i kontaktetablering med ungdom som har sosiale vanskar
Generell kompetanse:
Studenten...
- har kunnskap om korleis legge til rette for aktivitetar for barn og unge og kunne sette aktivitetane inn i ein pedagogisk og miljøterapeutisk samanheng
Krav til forkunnskapar
Alle emna i første og andre studieår må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar, praktiske aktivitetar og individuelt studium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Føljande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen:
1. Deltaking i undervisning som gjeld gruppearbeid og ferdigheitstrening knytt til aktivitetsfag.
Vurderingsform
Sluttvurderinga er todelt.
Del 1. Munnleg eksamen i gruppe.
Studentane får 15 minutt til å presentere arbeid med ei oppgåve som handlar om bruk av aktivitetsfag i barnevernfagleg arbeid. Deretter 30 minutt til eksaminasjon. Oppgåva blir utlevert ei veke før eksamensdato.
Tid og stad for eksamen blir gitt i emnet sine sider i Canvas. Vekting 50 %
Del 2. Individuell skriftleg heimeeksamen, 7 dagar. Tal ord: 3000 ord +/-10 %, Vekting 50 %
Vurderingsutrykk
A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Det vert gjeve same karakter til heile gruppa på munnleg eksamen. Begge delar må vere greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på ein av delane, kan den delen som ikkje er greidd bli tatt som ny eksamen.
Ny eksamen:
Føregår som ved ordinær eksamen.
Ved karakter F på munnleg eksamen må heile gruppa ta eksamen på nytt.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel