BYG122 Drift, vedlikehald og ombygging av bygningar
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Emnet inneheld sentrale tema innan fagfeltet Drift, vedlikehald og ombygging av eksisterande bygningar, også kalla Bygningsforvaltning. Den norske bygningsmassen representerer, med sine 445 mill m2 golvflate, like stor verdi som det norske oljefondet (2017). Å forvalte og fornye denne verdien på ein forsvarleg og ressurseffektiv måte, er viktig for både velferd og samfunnsøkonomi.
Emnet har to hovuddelar - ombygging av bygningar som legg vekt på teknisk tilstandsregistrering og - analyse, og drift og vedlikehald som legg vekt på planlegging, organisering og økonomisk styring i bruksfasen av bygningen sitt livsløp.
Målet med emnet er å gje studentane basiskunnskap om bygningen over livsløpet - frå nybygget står ferdig, gjennom ein bruksfase, ein ombyggingsfase og til slutt ein rivingsfase der materialar og komponentar skal sorterast og resirkulerast. Ressursbruk og levetid vert drøfta i høve til bygningen sine eigenskapar for den verksemda den til ei kvar tid skal tene. Vidare er det eit mål at studentane får basiskunnskap om bygnings- og arkitekturhistorie etter ca 1850.
Dei viktigaste temaene i emnet:
- Fasar i livsløpet til bygningen
- Bygnings- og arkitekturhistorie
- Teknisk tilstandsregistrering og -analyse
- Ombyggingsprosessen
- Byggetekniske problemområde
- Livsløpsøkonomien til ein bygning
- Planlegging og organisering av drift og vedlikehald
- Planlegging for drift og vedlikehald
- Funksjonsanalyse og arealeffektivitet
- Eksempel frå praksis
Læringsutbytte
Kunnskapar
- Ha grunnleggande kunnskap om fasar i livsløpet til ein bygning
- Kjenne til hovudtrekk i norsk bygnings- og arkitekturhistorie etter ca år 1850 - stilhistorie, materialbruk og konstruksjonar
- Kjenne til hovudtrekk i den historiske utviklinga for tekniske installasjonar i bygningar
- Ha grunnleggande kunnskap om ombyggingsprosessen - utgreiing, planlegging og gjennomføring
- Ha grunnleggande kunnskap om teknisk tilstandsregistrering og -analyse
- Kjenne til typiske byggetekniske problemområde ved ombygging og vedlikehald
- Ha grunnleggande kunnskap om livsløpsøkonomi og funksjonsanalyse
- Ha kunnskap om organisering og økonomisk styring i ulike FDV-organisasjonar
- Ha kunnskap om relevante lover, forskrifter og standarder
Ferdigheit
- Kunne greie ut om korleis ein bygning sine eigenskapar og økonomi utviklar seg over livsløpet
- Kunne gjennomføre ei fullstendig tilstandsregistrering og -analyse i samsvar med NS 3424
- Kunne utforme drifts- og vedlikehaldsplanar
- Kunne analysere og vurdere organisering og økonomi i ein FDV-organisasjon
Generell kompetanse
- Ha overordna kunnskap om kva bygningar betyr for samfunn og miljø
- Ha generell kunnskap om korleis verksemda vert påverka av bygningen sine eigenskapar
- Ha generell kunnskap om bygningar sin ressursbruk og miljøpåverknad
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BYG104 Bygningsfysikk
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar. Øvingsoppgåver. Prosjektarbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Presentasjon av prosjektarbeid
Vurderingsform
Eksamen er delt i to:
1. Skriftleg skuleeksamen, 4 timar (60% av endeleg karakter).
2. Prosjektarbeid (40% av endeleg karakter). Oppgåva er gyldig i 3 semester etter avlagt ordinær eksamen.
Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet.
Karakterskala A-F der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjend kalkulator
Meir om hjelpemiddel