BØ6-2003 Årsrekneskap i praksis
Emneplan for studieåret 2021/2022
Innhald og oppbygging
Kurset skal gje studentane ei praktisk innføring i årsrekneskapen frå det løpande arbeidet med bilagsføring til utarbeiding av årsrekneskapen. I praktiske oppgåver vil det vera fokus på å vidareutvikle innsikt i rekneskapslovgiving og god rekneskapsskikk i samband med utarbeiding av årsrekneskapen.
Innhald:
- Rekneskapsreglar for små føretak
- Praktisk gjennomføring av årsoppgjer inklusiv skattepostar og resultatdisponering for AS
- Måling og innrekning av rekneskapspostar i samsvar med god rekneskapsskikk
- Lære å sette opp eit fullstendig årsrekneskap med resultatrekneskap, balanse, notar og årsmelding
- Årsavslutting i eit årsoppgjersprogram
- Reflekterere over kor viktig årsrekneskapen er for eigarar, investorar og andre interessentar
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal ved fullføring
- ha innsikt i rekneskapsreglane for små føretak
- ha inngåande kjennskap til måling og innrekning av rekneskapspostar i samsvar med god rekneskapsskikk
- kjenne til regelverket for å kunne utarbeide eit fullstendig årsrekneskap
- ha kjennskap til rekneskapet sin verdi for eigarar, investorar og andre interessentar
Ferdigheitar:
Studenten kan
- avslutte eit årsrekneskap tabellarisk
- avslutte eit årsrekneskap, inklusiv skattepostar og resultatdisponering for eit aksjeselskap
- avslutte årsrekneskapet i eit årsoppgjersprogram
Generell kompetanse:
Studenten kan
- tileigne seg oppdatert og praktisk kunnskap innanfor rekneskap
- reflektere over årsrekneskapen sin verdi som grunnlag for avgjerder.
Krav til forkunnskapar
BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil variere mellom forelesing og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt skriftleg arbeidskrav. Arbeidskravet skal løysast individuelt.
Vurderingsform
Heime eksamen 7 dagar. Individuell innlevering.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BØ6-303 - Rekneskap og skatt - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- ØKB3117 - Vidaregåande finansrekneskap - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØKB3118 - Rekneskapsteori - Reduksjon: 1,5 studiepoeng