Hopp til innhald

BØ6-2007 Vidaregåande finansrekneskap

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Vidaregåande finansrekneskap bygger på studentane sin kunnskap frå tidligare rekneskapskurs, men tek i større grad utgangspunkt i grunnleggande teori og trekker samstundes praralellar mellom norsk rekneskapsregulering og IFRS regelverket. Emne gir og ei innføring i konsernrekneskap samt god rekneskapsskikk for ideelle organisasjonar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten skal ved fullføring

  • ha forståing for og kan reflektere over brukergruppene sine informasjonbehov og behov for rekneskapsregulering
  • ha forståing for og kunne reflektere over det teoretiske grunnlaget for dei grunnleggande rekneskapsprinsippa og god rekneskapsskikk
  • ha forståing for og kan reflektere over resultat- og balanseorientering
  • ha kunnskap om det konseptuelle rammeverket til IFRS (International Financial Reporting Standards)
  • kjenne til formålet med og hovudprinsippa ved utarbeiding av eit konsernrekneskap
  • Kjenne til rekneskapsreglane for ideelle organisasjonar

Ferdigheiter

Studenten skal ved fullføring

  • kunne handsame sentrale måle- og vurderingsproblem innan rekneskap
  • kunne utarbeide eit enkelt konsernrekneskap med og utan minoritetsinteresser
  • kunne rekne ut og forklare ulik rekneskapsmessig behandling mellom GRS og IFRS på gitte emne

Generell kompetanse

Studenten skal ved fullføring

  • kunne tilleigne seg rekneskapsteoretisk kunnskap gjennom lesing av fagartiklar
  • kunne utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar
  • kunne nytte kunnskapen på praktiske rekneskapsproblemstillingar
  • vere kjent med bakgrunnen for utviklingsarbeidet internasjonalt og kva konsekvensar det vil kunne ha for rekneskapsreguleringa i Noreg

Krav til forkunnskapar

BØA117 Finansrekneskap med analyse eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

BØ6-2003 Årsrekneskap i praksis eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar

Obligatorisk læringsaktivitet

To skriftlege arbeidskav som skal løysast individuelt eller i gruppe. Eit ikkje-godkjent arbeidskrav gir rett til eit nytt forsøk.

Arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar

Karakterskala: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel:

  • programmerbar kalkulator
  • lovsamling eller utskrift frå lovdata

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØ6-2000 - Finansrekneskap 2 - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
  • ØKB3118 - Rekneskapsteori - Reduksjon: 6 studiepoeng